Liverbirds Ytre Sogn og Sunnfjord skipa

Ytre Sogn og Sunnfjord hadde stiftelsesmøte på Lavik Hotell den 28. februar.

Supporterklubben har mottatt følgende rapport:

Vi avslutta skipingsmøte med ein flott kamp og seier over Blackburn.

På skipingsmøte var der 36 medlemmer frammøtt, pr dags dato har vi nesten 100 stk. som har signalisert at dei ynskjer medlemskap, og det kun etter at vi i interimstyret har brukt litt "jungeltelegraf", så her kjem det snart mange fleire i klubben.

Vi har jobba i eit interimstyre med dette sidan i haust, og vi skal ha vårt fyrste årsmøte på 5-års dagen for den store festen i CL, 25 mai. Fram til årsmøte er det vi som har vore interimstyre som er fungerande styre.

Vi har foreløpig ikkje eit fast klubblokale ei heller er vi direkte tilknytt lokal pub el. liknande, men vi vil i starten ha arrangement på ulike plassar, Lavik, Dale, Leirvik, Høyanger m. fl. Området som vi ynskjer å rekruttere medlemmer frå og vere ein klubb for er definert i vedtekter og i navnet, og er i utsrekning stort geografisk, men består av fleire små kommunar og små tettstader. I tilegg ynskjer vi sjølvsagt også andre medlemmer velkomne, spesielt dei som har tilknyting til dette området, men bur i andre deler av landet pr.d.d.

Fra Stiftelsesmøtet

Saker som styret jobbar med å få på plass er: facebookside, rekrutteringskampanje, planlegging årsmøte 25 mai, eige supporterutstyr, turarrangemang, familietreff m.m. Og vårt fyrste offisielle styremøte vert no måndag den 8 mars, med påfylgjande kamp mot Wigan.

Hjemmeside: www.lysos.net

Ta gjerne kontakt om de er noko de vil ha svar på.

Jostein Ryland
Liverbirds Ytre Sogn og Sunnfjord
992 81 401
[email protected]