- Har det fint i Atletico

Diego Costa ville ikkje seia så mykje då han blei spurd om interessa frå Liverpool, men gjorde det klart at han trivst i Atletico Madrid. Marca seier vurderar klubbskifte, og vil få tripla løn i LFC.

Ifølgje journalistane som følgjer Liverpool tettast la dei raude inn eit bod på €25 millionar for den brasilianske angriparen Diego Costa i førre veke. Atletico Madrid var kjappe med å benekta nyhenda, men Liverpool Echo skriv i dag at interessa kjem til å bli fulgd opp denne veka.

- Eg har vore i Argentina og Uruguay og har ikkje høyrt noko om dette. Eg er lukkeleg her, og om klubben vil eg skal bli, så blir eg. Eg veit ikkje om interessa frå Liverpool, men er lukkeleg her, og har ikkje noko meir å seia, seier han til spanske AS.

Marca skriv at spelaren vil bli tilbudt €4 millionar netto i året i Liverpool, noko som vil vera trippelt av det han tener i dag. Dei skriv at han no seriøst vurderar tilbodet. Ein overgang vil no vera mykje lettare å få i stand, etter at spelaren i sommar har fått spansk pass etter å ha budd i Spania i seks år.