- Tøft utan Champions League

Damien Comolli var med på å henta Luis Suarez til Liverpool. Den tidlegare sportsdirektøren seier det alltid ville vera tøft å halda på spelarar som han utan Champions League-fotball.

Damien Comolli var sentral i forhandlingane då Liverpool fekk napp på sitt bod på £22,7 millionar for Luis Suarez i januar 2011 - noko feiringa hans i direktørboksen viste tydeleg etter at uruguayanaren hadde scora sitt fyrste for klubben mot Stoke.

Franskmannen fekk sparken i klubben 15 månedar seinare, men har ofte blitt spurt når noko har skjedd rundt Suarez. Då BBC Radio 5 Live via ein halvtime til Luis Suarez og den pågåande situasjonen rundt framtida hans var han gjest igjen.

 

- Då eg var der, så visste me at det kom til å verta tøft å halda på spelarar som Reina, Agger og Luis dersom me ikkje kunne koma oss med i Champions League. Luis er ekstremt ambisiøs, og med all respekt for Liverpool, så er dei ein topp åtte-klubb, og ikkje topp-fire slik Arsenal er, seier Comolli, som omtalar situasjonen rundt angriparen som rotete.