Liverbirds Jæren er stiftet

Vi har fått stemningsrapport etter oppstart av «Liverbirds Jæren» - en bra gjeng samles nå foran hver kamp på Bryne. Hvordan er pulsen ellers i den røde delen av Supporter-Norge? Send oss gjerne tilsvarende bilder og tekst fra samlinger og turer!

"Liverbirds Jæren er ein realitet! Vi testa oss ut i serieopninga mot Stoke. Vi var ein god gjeng på ca. 70 stk. Stemninga kan vel oppsummerast som nervøs. God lyd, dog litt avventande. Vi møtte eit lag det var typisk å avgi poeng i mot. Det vart full pott, gitt! Fullstendig overlegne, men det vart unødvendig, meget unødvendig, spennande. Takk, Mignolet! Takk for at du gjorde vårt første møte til ein fest!

Andre serierunde skulle vere vår offisielle start. For ein start det vart! Over 100 fans var samla! Mektige greier det der! Stemninga var framleis litt til å ta og føle på, men rett som det var runga ”Fields of Anfield Road”, ”We`ll be coming down the road”, ”When the reds go marching on”, ”Ste Gerrard” ut over Bryne. Utover Jæren. Utover sørvest. Over nordsjøen. Ved eitt høve vart det så og seie mål. At supportarar kan utgjere ein forskjell er det ikkje tvil om. Liverpoolfans utgjer ein forskjell! Klassefans! Spelet var ikkje like overbevisande som i første runde, men vi rodde det i land. Nok ein gong med smultring. Mignolet, can you please be the new Clemence, sir?

I forkant av tre nye poeng vart styret presentert. Fem mann som verkeleg har lyst til at dette skal fungere. Kenneth Giske (playing manager). Frode Haugen (assistant manager). Geir Bore (financial director). Eivind Karlsbakk (striker). Lars Johan Austli (attacking midfielder). På norsk vil det lyde noko sånt kjedeleg som leiar, nestleiar, kasserar, varamedlem og varamedlem. Styret smilte frå øyre til øyre i kveld. Ikkje berre pga tre nye poeng, men av det fellesskapet vi opplevde. Det er det Liverpool handlar om! Fellesskap, glede, sorg, oppturar og nedturar. I lag. VI!

Det viser seg at liverpoolsupportaren på Jæren har venta på å bli samla. Snakkisen var at dette var fantastisk moro og ikkje minst etterlengta. Det vidare arbeidet består av engasjement, engasjement og engasjement. Som playing manager vil eg legge press på resten av stallen med å seie at Liverbirds Jæren er avhengig av kvar steikje spelar for å oppretthalde suksessen. Alle kan ikkje møte alltid, men kan vi møte til kamp, så må vi bidra! Minner om Notts County på tirsdagJKlarer vi å mobilisere ein slik dag, til ein slik kamp? 5-10-20? Oppfordrar alle liverbirdsklubbane til å gjere maks ut av dei neste to kampane! Oppretthald ein god stim eller blås liv i ein dårleg trend!!! Vi slår dei bitte små smådjevlane med avklippa horn, men vi skal også til Wembley igjen!

Som det fantastiske det var, kan det vere grunn til å nemne talet på dei som møtte opp. Vi tok i bruk gode gamle loddboka som telleapparat og styret avtala å ikkje ha rett på lodd (trakk ut tre symbolske premiar på oppmøtet, derav eit medlemskap i Liverbirds Jæren). Den lille loddblokka stoppa på talet 96… JUSTICE!

Styret i Liverbirds Jæren takkar audmjukt for oppmøtet og ber alle om å minne kvarandre på neste kamp. Og kampen etter det. Og kampen etter det…….

Alt det beste ønskast alle med hjarte i Liverpool! I gode og onde dagar, You`ll Never Walk Alone!

Med helsing, styret i Liverbirds Jæren v/ Kenneth Giske."

Bilder av: Tarjei Sel