Robinson ute av ligacupen

Utleigde Jack Robinson og Blackpool er ute av ligacupen etter å ha tapt for Preston. 19-åringen spela heile kampen for bortelaget.

Supporterane storma bana då League One-laget Preston tok seg vidare frå fyrste runde i Capital One Cup. Det sto mållaust til det 87. speleminuttet, då Tom Clarke si heading sende Deepdale til himmels.

Jack Robinson er utleigd til Blackpool heile denne sesongen, og starta kampen for dei oransje. Den unge venstrebacken får positiv omtale etter kampen, men det var altså ikkje nok til avansement for Paul Ince sine gutar.