Vil selja Downing til Newcastle

Liverpool skal vera klare til å selja Stewart Downing til Newcastle for £5 millionar. Det er £15 millionar mindre enn dei raude gav for to år sidan.

Liverpool Echo skriv at Liverpool FC no er klar for å selja vingen med store økonomiske tap. Newcastle har blitt fortalt at dei kan kjøpa han for ein pris på £5 millionar.

Spelaren sine representantar har blitt kontakta av Newcastle for å stadfesta interessa, og finna ut om Downing sjølv vil vera interessert i ein overgang til St. James' Park.

 

29-åringen skal ha bede om tid til å vurdera moglegheitene sine. Han spela i Liverpool sine tre fyrste pre-seasonkampar, men har vore unytta reserve i dei to siste kampane. 

 

I førre månad var West Ham interessert i han, men i stadan ville han bli på Anfield for å kjempa om plassen, men Echo skriv at han noko motvillig vil akseptera ein overgang om han får beskjed om at han ikkje vil få speletid.

 

Den tidlegare Middlesbrough-vingen har to år igjen av kontrakta si, og sa nyleg at han ikkje ynskja å forlata klubben.

 

Han er med i troppen som flyr til Oslo i morgon kveld.