Motstanderen: Tror på poengdeling

Vi har tatt en prat med Ole Fuglestad i Manchester City sin skandinaviske supporterklubb foran møtet mellom fjorårets nummer én og to på tabellen.

Hvordan ser du for deg kamputviklingen på søndag?

 

- Eg trur dette vert ein jamnspela og tøff kamp sånn som det ofte har blitt dei siste oppgjera på Anfield. 

 

Hvem er formspilleren hos City som Liverpool virkelig må se opp for?

 

- Agüero, utan tvil. 

 

Hvor fornøyd er du med sesongen så langt?

 

- City ligg på 2. plass, så eg kan jo ikkje klage. Likevel har City gått på eit par smellar denne sesongen (Stoke og Burnley heime) som eg helst hadde sett endt annleis. Tida vil vise om det vert avgjerande i kampen mot  Chelsea. 

 

Hva tenker du om manager Manuel Pellegrini?

 

- Eg likar godt at han ikkje let seg egla opp av provoserande motstandar-managerar. På spørsmål frå media så er han konsekvent på å berre svare på spørsmål som vedgår City. Til dømes Wenger og Mourinho er veldig glade i å snakke om andre lag i tillegg til seg sjølv. Det eg ikkje heilt har sansen for er nokre laguttak, spesielt i Champions League som liknar på grenselaus naivitet.

 

Hvordan er stemningen rundt Manchester City for tiden?

 

- Jamnt over ganske god stemning. Framleis kontakt med Chelsea i toppen, men noko skuffande tap i ligacup og FA-cup har lagt ein liten demper på stemninga. Det kan likevel bli ein fordel seinare med eit kampprogram som ikkje er så tett som t.d. Chelsea sitt program. 

 

Hva er håpet foran vårsesongen?

 

- Gull i Premier League og at Agüero held seg skadefri. 

 

Hvordan tror du det går med Liverpool denne sesongen?

 

- 4. plass. 

 

Hvilken Liverpool-spiller frykter du mest foran dette oppgjøret?

 

- Sturridge. 

 

Hva er ditt beste Anfield-minne?

 

- 03. mai 2003, 1-2. Schmeichel gjer eit par sjuke redningar og Anelka skårar vinnarmålet på overtid. Ein av veldig få City-sigrar på Anfield. 

 

Hva er ditt verste Anfield-minne?

 

- 28. okt. 1995, 6-0. "Alan Ball is a football genius" sang City-fansen, som vanleg full av sjølvironi og svart humor. PS: eg såg kampen på TV, ikkje live på Anfield. 

 

Hva er ditt resultattips for kampen?

 

- 2-2