LEGG OPP:  Xabi Alonso legg opp etter denne sesongen.

Den kulaste spelaren eg har sett

Xabi Alonso legg opp etter ein fantastisk karriere. For ein enormt kul spelar.

Eg hugsar godt kor eg var den dagen Liverpool offentleggjorde kjøpet av Xabi Alonso. Det var fredag kveld, og eg hadde nettopp kome til Liverpool for aller første gong, før det som skulle bli min aller første kamp på Anfield.

Liverpool skulle spele mot Manchester City dagen etter, i sesongens første heimekamp.  

ELEGANT:  Xabi Alonso kom til Liverpool frå Real Sociedad sommaren 2004.

Rafalution

Xabi Alonso spelte aldri kampen mot Manchester City. Ikkje Luis García heller. Milan Baros og Steven Gerrard scora kvar sitt mål i ein 2-1 siger - men ein kunne iallfall sjå framover mot det ein kalla «Rafalution» - og kjøp av spelarar frå eit marked ein elles ikkje hadde våga seg borti utanom på dataspel.

Gerard Houllier hadde gått, og Rafael Benítez var komen inn frå Valencia. På den tida var eg svært aktiv på VGD - noko eg kanskje ikkje er veldig stolt av i dag, men det var ein fin stad få tømt seg for tankar om klubben, og tilegne seg ny informasjon. Det var før YouTube, og i ei tid der ein måtte laste ned 3-4 megabyte store klipp av spelarar ein vart linka til.  

Med ein spansk manager våga ein seg over frå det litt rufsete «Fotball - Premier League»-forumet kor me holdt til, og over til «Fotball - Internasjonal», der karane som fulgte andre ligaer holdt seg. Det var litt som å gå frå ungdomsskulen og over på vidaregåande, då folk oppførte seg litt meir danna der inne. 

Der kunne ein lese at Xabi Alonso var jakta av Real Madrid, og det var ingen tvil om at han ville havne der. 21-åringen var allereie så godt som klar. Men ein kunne likevel nyte nokre klipp og drøyme litt. Eg hugsar blant anna av scoringa hans i 2-2 kampen mot Valencia. Ein heilt glimrande halv volley frå høgresida utanfor feltet, bort i krysset.

Kaptein som 19-åring

Han var blitt kaptein i Real Sociedad som 19-åring, eit Sociedad som hadde kome kun to poeng bak Real Madrid i 2002-sesongen, var i den spanske EM-troppen i 2004, og kunne skyte nokre langskot. 

Det var eigentleg det einaste eg visste, då han vart linka sterkare og sterkare utover sommaren 2004. 

Gjengen på «Fotball - Internasjonal» kunne og fortelle om ein glimrande pasningsfot, men utan å ha sett han noko særleg forblei det med å tenke at «det sikkert var greitt nok, men ein fantastisk pasningsspelar har ein allereie på plass i Steven Gerrard».

Måten han kunne snu spelet så raskt, alltid treffe riktig mann uansett kor langt vekke han var, og treffe ballen så reint, det var ein kunst.

Et kupp

Det tok under ein månad før han hadde presentert seg skikkeleg. I tida før ein talte antall pasningar for lag og spelarar og berre såg det sjølv, fekk ein bakoversveis over kontrollen og ferdigheitane til spanjolen, i ein kamp månaden etter ankomst.

Steven Gerrard var skada, Norwich var motstandar, og sjølv om motstanderen var svak, har ein sjeldan sett ein meir imponerande kamp frå ein spelar som er heilt fersk i Premier League. Her hadde Liverpool rett og slett ein klassespelar, og etter dei 65 minuttane han spelte, før han vart erstatta av ein litt meir dodgy spelar i Salif Diao, hadde han verkeleg presentert seg og blitt ein favoritt. 

Rafa Benítez måtte hoste opp £10,7 millionar for å sikre seg spelaren. Litt mindre enn kva Djibril Cissé hadde kosta same sommar, men framleis ein vaksen sum for Liverpool på den tida.

Det skulle vise seg å vera eit kupp, for ein heilt spesiell spelar. Dei eldre snakka om ein ny Jan Mølby. Før mi tid - men om det betydde ein strålande midtbaneelegant og playmaker, så gjerne det.

Det skulle vise seg å vera eit kupp, for ein heilt spesiell spelar. Dei eldre snakka om ein ny Jan Mølby.
KLASSE:  Xabi Alonso var og er ein klassespelar.

Måten han kunne snu spelet så raskt, alltid treffe riktig mann uansett kor langt vekke han var, og treffe ballen så reint, det var ein kunst. Gjerne på ein touch. Det mest dekkande ordet var «klasse». 

STYGG:  Frank Lampard knakk ankelen på Alonso 1. nyttårsdag.

Brakk beinet

Det tok si tid før eg fekk sett Xabi Alonso live. Min neste Liverpool-kamp den første sesongen var mot Juventus i kvartfinalen av Champions League. Han satt på benken heile kampen, på veg tilbake etter at stygge Frank Lampard hadde brekt ankelen hans 1. nyttårsdag i hans første sesong.

Det er sikkert litt i kombinasjon med at Chelsea har hatt mykje suksess, men eg har framleis problem med Lampard. Det var heller ikkje einaste gong - ein minnar og det raude kortet i 2009. Nei, Frank Lampard kan dei få ha for seg sjølv. Ei heller som SkySports-ekspert har eg noko til overs for han, og ikkje gidd eg svare på spørsmåla om kven som var best av han og Steven Gerrard heller. Berre spørsmålet blir for dumt. 

Ingen gløymer korleis den første sesongen til Alonso enda, målet han scora og rollen han spelte i Istanbul.

HELT:  Xabi scora 3-3 målet i Istanbul.

I åra som fulgte vart ein meir og meir glad i Xabi, som hadde to svært gode sesongar på rad. Supportarane sang om at ein hadde den beste midtbanen i verda, og når ein ser på kva tre av dei, Javier Mascherano, Steven Gerrard og Xabi Alonso har oppnådd, før eller sidan, så er det veldig trist ein ikkje klarte få fleire trofé utav eit lag med ein slik midtbane på Anfield.

2007-08-sesongen vart tøffare, og var nok Xabis svakaste sesong i klubben. Mange klandrar Rafael Benítez for det som så skjedde, då det var mykje snakk om Gareth Barry, og spelaren kunne ha havna i Arsenal eller Juventus.

Eg kan forstå dei som tenker slik, men må samstundes minne om kor vanskelege forholda på den tida var utanfor banen, under eigarskapet til Hicks og Gillett.

Takk og lov for at ein til slutt sa nei til bodet til Arsenal på £14 millionar og fekk han til å bli ein sesong til.

En fin fyr

2008-09-sesongen var nok hans beste ligasesong på Anfield. Han virka tent, og innstilt på å skulle vise seg fram frå si aller beste side. Liverpool kjempa heilt i toppen og endte til slutt på ein forbaska bitter andreplass bak Manchester United. Så forsvann han til Real Madrid for £30 millionar.

Sjølv om eg har sakna Alonso, har eg aldri vore av dei som klandrar nokon for at han gjekk. Real Madrid luska alltid i buskane - han var alltid linka der til både før og etter han kom til Liverpool, og i LFC var det heller lite som fungerte utanfor banen på den tida.

At erstatteren Alberto Aquilani viste seg vera søppel er det lite ein får gjort noko med, men ting fungerte ikkje. 

19 mål scora Alonso for Liverpool. Eg trur eg fekk sett eitt av dei, sjølv om eg var tilstades på to. Det første, på Stamford Bridge i 2008 då Rafa brøyt Chelsea si lange sigersrekke, rakk eg ikkje. Då var me ståande i kø utanfor. Noko ein framleis utruleg nok gjer på den banen. 

Det andre, og på Stamford Bridge, året etter i 4-4 kampen då ein gjekk ut av Champions League fekk eg sett. Men to mål frå bak midtbanen til tross - det var ikkje måla ein vart så jækla glad i Alonso for.

Det var pasningsspelet, klassen hans - i tillegg til korleis han oppførte seg på utsida av banen. Rett og slett ein fin fyr. Fin musikksmak har han og - noko ein sjeldan kan seie om hans kollegaer. 

Med unntak av Premier League har han vunne det som er å vinne. Han har vunne VM, EM to gonger, Champions League to gonger, FA cupen, La Liga, den spanske cupen to gonger, Bundesliga snart tre gonger, og den tyske cupen.

No hadde det vore fint om han fekk avslutta karriera med ein tredje Champions League-pokal for Bayern før han legg skoa på hylla etter denne sesongen. Eg får håpe me ser han tilbake i ein rolle som manager ein gong.

Den kulaste spelaren eg har sett.

Del

Kommentar

24.10.2017 11:29

Nettmøte onsdag:Hva lurer du på om Liverpool?

Onsdag svarer redaktør Torbjørn Flatin på lesernes spørsmål om Liverpool.

04.09.2017 17:08

Oppsummering av overgangsvinduet: Et skadet ettermæle, et stort hull og glitrende signaler

Et utmattende overgangsvindu for Liverpool-fans er omsider lukket. Det endte med seier i to av tre overgangssagaer, men også ett stort spørsmålstegn.

21.07.2017 12:47

Nå gjelder det å holde hodet kaldt

Philippe Coutinho er igjen brennheit. Liverpools viktigste jobb denne sommeren har nå blitt å beholde brasilianeren.

Xabi Alonso

16.10.2017 16:15

Alonso som manager

15.10.2017 14:20

Xabi Alonso var tilbake på Anfield i går

24.03.2017 19:26

Tror Gerrard blir Liverpool-manager

Xabi Alonso mener Steven Gerrard gjør klokt i å være trener på akademiet før han tar steget opp.

Siste Til vår nyhetsoversikt
19.11.2017 kl 12:12

«Liverpool ved god helse»

Med en sykdomsfri Jürgen Klopp og spillere tilbake fra skader konkluderes det med at troppen til LFC er frisk og rask, anført av kreative Mohamed Salah som er

+
19.11.2017 kl 10:41

Mohamed Salah – toppscorer i Premier League

Liverpool, som manglet toppscorer, har nå den mestscorende i ligaen. Best i Liverpool etter 12 kamper i PL.

+
19.11.2017 kl 09:05

Liten strekk for Matip, hvorfor Gomez ble hvilt

Joel Matip kan bli spilleklar igjen allerede til tirsdag mot Sevilla. Da vil Joe Gomez være tilbake på høyrebacken.

+
18.11.2017 kl 21:33

Ny 3-0 seier på Anfield

Gjenopplev mål og sjanser fra TV2 Premium etter tre klare poeng hjemme mot Southampton.

+