Rafa: - Kuyt er ein komplett spelar

Rafa godt nøgd med både tre poeng og vår toppskorar i ligaen, Dirk Kuyt.

Det var ein nøgd sjef som møtte pressen etter 2-0 sigeren heime mot Reading laurdag ettermiddag, spesielt nøgd var han med sin nye toppskorar i ligaen, Dirk Kuyt. Spanjolen er veldig nøgd med det hollendaren har gjort i klubben sidan han kom frå Feyenoord i sumar.

- Eg har følgt Dirks karriere lenge, og han er ein svært stabil spelar, og du kan kalle han den komplette angripar, sa Rafa entusiastisk.

- Han jobbar godt, skorar mål, gir forsvararar store problem og kan inkludera andre spelarar i spelet. Forståelsen mellom han og Peter Crouch var verkeleg god.

- Eg er veldig nøgd med tre poeng i denne kampen, og det andre målet var verkeleg viktig for oss, for Reading gav oss problem med sine lange innkast.

- Eg forventa dei skulle spele med fem forsvararar, og det var i periodar vanskeleg å finne rom for å spele, men etter det andre målet satt spelet seg, og me starta skape fleire sjangsar, avslutta sjefen.

Liverpool står no med to strake sigrar i Premier League, men så lenge Chelsea og Manchester United fortset ta tre poeng i samtlege kampar blir det tøft å snakke om gull til Anfield denne sesongen. Neste helg ventar Arsenal på Emirates Stadium. Den kampen blir garantert tøffare enn dagens mot Reading.