Carra trur Suarez kan bli

Jamie Carragher trur Luis Suarez kan enda opp med å bli i klubben, til trass for alle ryktene og spekulasjonane. Scouseren ser på uruguayanaren som den beste spelaren i ligaen førre sesong.

Jamie Carragher var tilbake på banen då Liverpool slo Olympiakos 2-0 på laurdag. Då spela han saman med Luis Suarez, som han tykkjer var den beste spelaren i ligaen førre sesong.

- Han er veldig viktig. Han var truleg den beste spelaren i Premier League førre sesong, og du vil behalda dei beste spelarane dine, seier den ferske SkySports-eksperten i eit intervju med ITV.

Den tidlegare visekapteinen trur 26-åringen kan enda opp med å bli på Anfield også neste sesong.

- Eg trur han kanskje vil bli. Nokre store klubbar vil vera interessert i han fordi han er en toppspelar, men det er berre noko du må akseptera. Me kan ikkje klaga på det - me kjøpte han frå Ajax. Han signerte ei kontrakt i fjor sumar, og har nokre år igjen av den, så forhåpentlegvis kan me behalda han.