Gler seg til Champions League-spel

Pepe Reina fortel at han ser fram til å få spela i Champions League igjen, og seier det er noko han har sakna dei siste åra. Også han kommenterer Suarez-situasjonen.

Utleigde Pepe Reina har i helga spela Emirates Cup for sin nye klubb Napoli i London. Det enda med 2-2 mot Arsenal og 1-3 tap mot Porto. Napoli kom på andreplass i Serie A førre sesong, og er allereie kvalifisert for Champions League. Det er noko målvakten gler seg til.

 

- Dette er ei ny utfordring for meg, og eg gler meg til å spela i Champions League. Det er ei turnering eg har sakna dei siste tre-fire åra. Det er turneringa alle har lyst å spela kvart einaste år. Champions League er den største turneringa på klubbnivå, og å kjempa om Scudettoen er eit anna mål, fortel Reina til SkySports.

 

Alle som har eit forhold til Liverpool får i desse dagar spørsmålet om Luis Suarez si framtid. Det gjorde også Pepe Reina.

 

- Det ser ut til at han dreg, men det er klubbane som eig spelarane og må ta avgjerda. 

 

Pepe Reina er utleigd til Napoli for heile den komande sesongen. Han har kontrakt med klubben ut 2015/16-sesongen.