Stjernene med til Noreg

Etter det liverpool.no erfarer kjem Liverpool til Noreg med Luis Suarez og Steven Gerrard i spissen. Daniel Agger blir truleg igjen på Merseyside med ein smell.

Det har vore mange spekulasjonar om kva lag Liverpool tek med seg til Noreg for kampen mot Vålerenga på onsdag, men etter det liverpool.no erfarer blir det eit sterkt lag på Ullevaal.

Spelarar som Luis Suarez, Steven Gerrard og Coutinho skal alle vera med, og truleg kjem Brendan Rodgers til å fortsetja med eit sterkt mannskap i også denne oppkøyringskampen, slik han har gjort i heile oppkøyringa i sommar.

 

Ein som truleg ikkje er med er Daniel Agger. Stopparen pådrog seg ein smell mot Olympiakos, og ser ut til å måtte stå over.

 

Daniel Sturridge blir óg igjen på Merseyside. Spissen var tilbake i full trening i dag, men siktar seg inn på laurdagens kamp mot Celtic for sitt comeback etter langtidskade.

 

Kampen mellom Vålerenga og Liverpool har avspark kl. 19.00 på onsdag.