Should he stay?

Så er spekulasjonane om Coutinho i gang igjen

Meninger om LFC? Send oss et leserbrev

Alle medlemmer kan sende oss Leserbrev. Send ditt innlegg til [email protected] og redaksjonen gjør fortløpende vurderinger av publisering i forhold til kvalitet og nyhetsbildet. Alle blogger står fullt og helt for innsenders regning. Dette er ikke meningen til Supporterklubben eller liverpool.no.

Eg var ein av mange som var lei av alle spekulasjonane og til sist av heile hovudpersonen etter august var ferdig. Men, september hadde ikkje før starta innan det verserte nye rykter om at det var laga ei avtale for januar. Eg kommenterte ingenting i august og trudde eg skulle halde meg denne gongen også, men det klarte eg ikkje.

Eg vil kalle meg Liverpool-mann og har vore det sidan min spede barndom på starten av 80 talet. Fram til i dag har vi sett gode spelarar kome og enda betre spelarar gå. Det vi har erfart er at livet og Liverpool går framover uansett.

Mangel på lojalitet

Det som undrar meg og irriterar meg er den fullstendige mangel på kompetanse og framsyn hjå Coutinhos agent og Coutinho sjølv. Like irriterande og kanskje sårande er mangel på lojalitet til ein klubb som verdset han og som har gjeve han ei av dei mest lukrative kontraktane i klubbens historie. For det er der det startar.

Tidleg i 2016 signerer Coutinho ny kontrakt med klubben. Han skriv under på at han vil vere i klubben til minst 2022. Med oss. Dei raude. Det skreiv han, med blå eller svart penn. Han var også så nøgd med kontrakten at han gjekk ut og sa at det var betre å vere stor i ein klubb som ville lage statue av deg, enn å vere ein av mange i ein større klubb. Han sa det. I januar. I august hadde han gløymt det. Han hadde gløymt at det var best å vere i ein klubb som verdsette deg. Han hadde gløymt at det var dei raude supporterane som hadde omfavna han kvar kamp og som brølte kvar gong han hadde ballen.

Men, ein annan ting han gløymte var å ha med ein klausul i kontrakten sin om vidare utkjøp. Er det mogeleg? Tenkte han aldri at han ville verte så god at Barcelona ville kome for å kjøpe han? Tenkte han at det var så utruleg at det ikkje var naudsynt i det heile med ein klausul? Det er vanskeleg å forstå.

Det var vanskeleg å akseptere at han ville vekk frå klubben, frå byen, frå oss så kort tid etter han hadde skrive kontrakt. Men, det var endå vanskelegare når han vart «skada» slik han ikkje kunne spele for Liverpool. Berre for Brasil. Han furta som ein liten unge! Han fortalde til alle oss raude at han ikkje ville ta på seg drakta att.

Før september. For då såg Coutinho at det var klubben som var viktigare enn han. Vi, supportarane var viktigare enn han, og han måtte bli, og spele, med den raude drakta.

«Skada» igjen

Men, for meg var Coutinho aldri den same. Suarez ville også bort. Han hadde eit mål om Barcelona før han kom til Liverpool. Han sa aldri noko anna eigentleg. Det var sårt å sjå han gå, men før han gjekk hadde han levert den beste sesongen nokon Liverpool spelar har gjort på veldig, veldig lenge. Kanskje aldri.

Coutinho har spelt. Han har lagt til rette og han har skora. Men, så langt i sesongen har eg ikkje sett gleda i spelet hans. Han har gjort det han har måtta. Fram til januar. Då er han «skada» igjen. Då kan han ikkje spele mot Burnley. Han kan heller ikkje spele mot Everton og han rekk truleg ikkje Manchester City kampen, for då er han kanskje i Spania.

Liverpool har kanskje ikkje gullet å kjempe for, men ein plass frå 2- 4 plass. Vi er enno med i champions league. Dersom Coutinho gjeng til Barca no kjem han til ein klubb som kanskje allereie har vunne La Liga. Han kan kassere inn sitt fyrste trofe nesten før han har begynt. Men, han får ikkje spele champions league.

Coutinho. Dette skuldar du oss faktisk. Du skuldar oss å spele i raudt fram til sesongen er ferdig. Du skuldar oss å gjere ditt beste. Men, det blir nok inga statue Coutinho. Du kjem i historiebøkene. Der vil det stå at du kom, og du drog. Eg vil reise meg og juble når du scorar på Anfield fram mot sommaren om du blir. Men ikkje fordi den store Coutinho scora. Fordi Liverpool fekk mål vil eg juble. For meg er ikkje Coutinho lenger raud. Han er blåraud. Men, fram til sommaren håpar eg du skal score mål for dei raude, for oss som er att og som alltid vil vere her.