«Det går seg til»

Er eit uttrykk eg ofte nyttar når eg snakkar om tilfeldigheiter i fotball.

Meninger om LFC? Send oss et leserbrev

Alle medlemmer kan sende oss Leserbrev. Send ditt innlegg til [email protected] og redaksjonen gjør fortløpende vurderinger av publisering i forhold til kvalitet og nyhetsbildet. Alle blogger står fullt og helt for innsenders regning. Dette er ikke meningen til Supporterklubben eller liverpool.no.

Ein kan gjerne vere frustrert etter ein kamp der ein ikkje fekk eit avgjerande frispark, straffespark eller at ein fekk eit offsidemål i mot. Eg argumenterer alltid med at over ein lang sesong jamnar dette seg som regel ut.

Så har ein sesongar der ein sit at med ei kjensle at det meste gjekk vår veg. I sesongen 2013/14 hadde vi mykje medgang. Vi spelte bra, scora mykje og fekk veldig mange straffespark som i fleire situasjonar var avgjerande. Den største årsaka til det var sjølvsagt at vi var inne i motstandaren sin 16 meter i mange situasjonar. Men, likevel sat eg att med ei kjensle at den sesongen fekk vi ganske godt betalt. Kanskje betre enn vi burde.

Då sesongen 2017/18 tok til, opna vi med å spele 3- 3 borte mot Watford. Eit heilt ok resultat, men som evaluering frå førre sesong, var dette kampar vi burde vinne dersom vi skulle henge med i teten. Det sure var at utlikninga kom på overtid, og målet skulle vore underkjent for offside. Vi tapte 2 poeng på det.

Vi såg fram mot lokaloppgjeret heime mot Everton når det nærma seg jul og vi snart var komne halvvegs i å opne julekalender. Liverpool spelte godt og burde leia med meir enn 1 mål då Everton fekk eit utruleg billeg straffespark. Skulle dette vere standarden for kva som er straffespark, ville det minst vere 4- 5 straffespark pr. kamp, til kvart av laga. Liverpool vart snytt for 2 poeng.

Håpet var stort for at vi etter å ha snudd ei dårleg periode, skulle klare å slå Tottenham på heimebane og ta hemn for 1- 4 tapet tidlegare i sesongen. Det blei ei ein forrykande kamp, men som dessverre vart avgjort av ein kontrovers. Ein ting er at Kane fekk straffe etter det eg meiner er ein dive, men at situasjonen oppstod er også eit resultat av ei dårleg domaravgjerd. Domarane verkar ikkje vere einige om korleis ein skal tolke at ballen kjem frå motspelar og dermed opphevar offside. Lovren prøvar heilt tydleg å klarere ballen, men sleivar slik at den framleis har retning mot eige mål og havnar med ein offsideplassert Kane. (I siste kamp scorar Ings etter at ballen vert klarert via ein Stoke forsvarar, men blir annulert for offside.)

På slutten av kampen dett Lamela alt for lett etter noko som kan minne om kontakt med Van Dijk. At dette skal verte vurdert som straffe er etter det eg meinar ein stor domartabbe, og Liverpool taper nye 2 poeng.

Eg er klar over at vi allereie var under 0- 2 på Trafford, og reduseringa framleis ikkje hadde kome då Valencia heilt klart handsar på eit innlegg. Ballen skiftar tydeleg retning etter å ha treft handa. Det enda med 1- 2 tap, og vi mista mogelegvis 1 poeng.

WBA er alltid vanskelege å slå. Vi leia likevel 2- 0 før opphentinga starta, og det var ikkje fyrste gongen vi såg at vi mista ein 2 eller 3 målsleiing. Det som gjer det ekstra surt er at utlikningsmålet kjem frå ein som er tydeleg offsideplassert. Vi mistar 2 poeng.

Sist helg spelte vi mot Stoke. Eit lag som kjempa med nebb og klør for å overleve. Dei låg tett bakover og slapp sjeldan til nokon sjansar. Vi hadde likevel eit par store sjansar som vi burde scora på og vi må kanskje ta brorparten av skulda for at det ikkje blei siger sjølve. Likevel er det så veldig surt å tenke på ballen som heilt tydeleg endra retning via ei hand mot ein godt plassert Moreno, slik at det ikkje blei mål, og vi ikkje fekk straffe. Dette var på slutten av kampen og ville truleg vere avgjerande. Ei klar dommartabbe og vi mistar 2 poeng.

Det eg tek fram er berre dei heilt klare situasjonane og som har vore avgjerande for kampen. Det har nok vore situasjonar både for og imot Liverpool i andre kampar som ein kan diskutere. Desse døma er direkte årsak til at vi har mista poeng på grunn av dårleg avgjerd frå domar.

Så sit eg att med kjensla denne sesongen, at ikkje alt går seg til eller jamnar seg ut. Eg kan ikkje hugse tilsvarande situasjonar denne sesongen der vi har fått poeng på grunn av ein tvilsam situasjon.

Diskusjonen om VAR vil halde fram. Slik den vart presentert denne sesongen vil den nok ikkje verte vurdert som god nok. Til det var det for mange og for store opphald i kampen. Men, alt er mogeleg å utvikle og det kjem også til å verte gjort med VAR.

OM vi hadde hatt VAR i premier league denne sesongen ville vi truleg vore 11 poeng rikare.

Vi snakkar då om at vi hadde hatt 83 poeng og allereie ville sikra oss andreplassen med god margin. No må vi kjempe til det siste om å få fjerdeplassen og få sikra å spele champions league til neste sesong.