Dei neste 8 kampane

Det Jurgen Klopp gjer så bra er å tenke ein kamp fram i tid. Han seier i alle fall at han ikkje reknar seg framover og har knapt oversikt over kor mange kampar Liverpool har spelt, eller kor mange poeng dei har.

Meninger om LFC? Send oss et leserbrev

Alle medlemmer kan sende oss Leserbrev. Send ditt innlegg til [email protected] og redaksjonen gjør fortløpende vurderinger av publisering i forhold til kvalitet og nyhetsbildet. Alle blogger står fullt og helt for innsenders regning. Dette er ikke meningen til Supporterklubben eller liverpool.no.

Etter at Liverpool vart nummer to i fjor kjende eg på ein resignasjon. Eg har venta i 30 år og på den tida har Liverpool utvikla seg frå å kjempe om topp seks plassering til å verte:

  • Laget som leiar serien til jul, men som ikkje vinn
  • Laget som vert nummer to med berre to tap
  • Laget som scorar over 100 mål utan å vinne serien
  • Laget som taper berre ein kamp, utan å vinne serien
  • Laget som tek nesten 100 poeng, men som blir nummer 2

Eg resignerte. Eg gav opp. Når det ikkje har gått til no, så går det aldri. Å vinne champion’s league var fantastisk, men sesongen 2019/ 20 skal eg berre sjå kampane til Liverpool og nyte dei. Eg skal ikkje byrje ekse meg opp over at dei ligg i tet og kanskje er favorittar. For; når det ikkje har gått til no, så går det aldri.

Men, så feier Liverpool laget mitt på. Samstundes som City går på snublefelle etter snublefelle. Avstanden aukar frå 3 til 6 poeng. Frå 6 til 9 poeng og vidare heilt til 16 poeng. Hadde vore kva som helst lag som hadde den leiinga, ville eg sagt det var avgjort for lenge sidan. Men, eg har brent meg på det før. Men, sjølv om eg har tatt kamp for kamp saman med Klopp har lengselen starta brenne att. Trua har vakna og håpet er raudt. Det er då eg sluttar ta ein kamp om gongen. Men, eg vil rekne meg fram til når dette kan vere avgjort. Når er det mulig at vi kan løfte den etterlengta pokalen ?

Eg har rekna meg fram til at dette faktisk kan vere mulig om 8 kampar. Altså i møtet med Manchester City. Liverpool sine 8 neste kampar er: West H (B), So’ton (H), N’wich(B), Watford (B), B’mouth (H), Everton (B), Crystal P (H). Om ein er ganske nøktern er det ikkje utenkjeleg at Liverpool vil kunne ta 18 poeng av 24 mulige her med rekka: U-S-S-S-U-S-U-S.

Manchester City sine neste 8 kampar er: Spurs (B), West H (H), Leicester (B), Arsenal (H), Man.Utd (B), Burnley (H), Chelsea (B), Liverpool (H). Dette er kanskje den aller, aller tøffaste perioden til city. I tillegg er den i tida det blir spela champion’s league, og det er vel ikkje utenkeleg at Pep vil prioritere den framfor å gå for ein utopi som det er å ta att Liverpool. Om ein likevel reknar at City vil kunne få 16 av desse poenga med serien: U-S-U-S-U-S-U-S så vil dei ha spelt 32 kampar til saman og ha 67 poeng. Liverpool vil etter sine neste 8 kampar spelt 31 kampar og ha 85 poeng. Det er same summen som City kan oppnå om dei vinn dei 6 siste kampane sine, om prognosene mine vil stemme. Det vil også seie at Liverpool treng 1 poeng på dei 7 siste kampane for å sikre seg trofeet.

Om City skulle vinne ALLE sine siste 14 kampar, vil dei ende med 93 poeng. Då treng Liverpool 27 poeng på dei siste 15 kampane. Det er 9 sigrar og 6 tap det.

Men, fyrst skal eg ta ein kamp om gongen 😊 Walk on