Hei, Jordan. Eg tok feil. Heldigvis!

Liverpool-toget susar mot ligagullet i rasande fart. Det er så solid – og så stinn i sjølvtillit – at det nesten er på grensa til rørande.

Meninger om LFC? Send oss et leserbrev

Alle medlemmer kan sende oss Leserbrev. Send ditt innlegg til [email protected] og redaksjonen gjør fortløpende vurderinger av publisering i forhold til kvalitet og nyhetsbildet. Alle blogger står fullt og helt for innsenders regning. Dette er ikke meningen til Supporterklubben eller liverpool.no.

Etter ein kontrollert seier i London, der West Ham såg ut som ei matt og smaklaus skinke, så leiar Klopps menn ligaen med 19 poeng. I januar! Det er knapt til å tru. Og laget som av dei aller fleste nå blir titulert som verdas beste lag, blir leda av kaptein Jordan Henderson. Mannen som i lang tid av mange, inkludert underteikna, har blitt satt i båsen som heitar «kapteinar du ikkje vinn noko med».

Eg tok skammeleg feil, Jordan – eg gjorde jo det.

Då Liverpool løfta Champions League-trofeet på Wanda Metropolitano ein strålande junidag i 2019, så var det ikkje ein kjeft som fortjente det meir enn deg, Jordan. Du kom til Liverpool i 2011, og joda: jammen vann du ikkje ligacupen i din fyrste sesong – men elles har det vore lite konfetti for deg på Merseyside.

Du har til tider vore ein hoggestabbe, fått mykje kjeft og om mange hadde fått viljen sin så hadde du forlate klubben for fleire sesongar sidan. Det hadde jo for så vidt vore fullt forståeleg om du hadde søkt betre gras på andre beitemarker, men no ser me alle klart gevinsten av beinhard jobbing, lojalitet og dedikert tru på eigne kvalitetar! Du er blitt ein vinnar, Jordan.

Sist sesong var du eit fattig poeng frå å bli ligamester. Du var kaptein for eit Liverpool som spelte ein god bortekamp borte mot Barcelona, men som gjekk på eit brutalt 3-0-tap. Måten du gjekk føre i returkampen, der Liverpool - utan både Salah og Firmino - nok ein gong skapte magi på Anfield – vil me alltid hugsa! Under 1 månad seinare løfta du klubbens 6 pokal i det celebre selskapet der Europas beste er invitert. Tenk så mykje drit du har fått – men du har jobba beinhardt, og klemmen du fekk av din far etter kampslutt i Madrid var verdas mest fortjente bamseklem!

Du tok over kapteinsbindet etter Steven Gerrard. Captain Fantastic som me kallar han. Stevie G. Me måla deg sjølvsagt opp og i mente mot denne Stevie G. Mannen som steig fram når me trengte han som mest. Som sikra ekstraomgangar mot West Ham i FA-cupfinalen i 2006 med eit hardt skot frå midtbanen (eller i nærleiken av midten, seiar me). Mannen som steig til værs når Riise slo inn frå venstre i Istanbul 2005. Og som reduserte og tente håpet. Me veit alle kva som skjedde vidare den kvelden. Det var ikkje småtteri du skulle nå opp til, Jordan.

Men du skulle ikkje væra ein kopi av Stevie G. Kvifor trudde me det? Du sko væra deg sjølv, men dine kvalitetar. Du har tatt enorme steg, om dei siste 2 åra ser me tydeleg kva som bur i deg. Du er blitt ein kaptein med stor K nå, Jordan. Ein me kan rekna med. Ein som leverar. Ein som går i krigen. Ein som alltid yter alt og meir enn alt. Du er ikkje ein komplett fotballspelar. Men det er det heller ingen andre som er. Men du er kapteinen vår. Og det er no på tide at du får dei anerkjenninga du verkeleg fortener!
Eg har ikkje sjekka det opp, men eg er ganske sikkert på at eg – for nokre år sidan - i tankelaust idioti skreiv på twitter at du var den dårlegaste kapteinen i klubbens historie. Noko i den duren. Vel. Eg tok heldigvis feil. Skammeleg feil. Og no er det på høg tid å erkjenna det. Eg trur det er fleire i same båt – men eg kan i det minste starta med meg sjølv.

Denne sesongen vinn du ligagull. Ja, det er mange kampar igjen. Men du gjer det, Jordan. Me veit det. Denne sesongen har du tatt endå fleire steg – og leda laget med stoisk ro, autoritet og vinnarvilje av ein annan verden.

Jordan Henderson. Kaptein. Liverpudlian.