Liverpool-supporter frå Rogaland til topps på Mount Everest!

En finaleoppladning langt utenom det vanlige.

31. mai 2019 kl 21.42 Bjarne Ydstebø

Ole Jakob Kjølvik, frå Fogn i Rogaland, har ikkje ligget på latsida i det siste. Mens mange av oss har prøvd å roe oss ned fram mot Champions League-finalen, har den unge mannen frå Ryfylke, som no bur i Stavanger, klatra til topps på Mount Everest – verdas høgaste fjell, 8848 meter høgt. Det er rett og slett ei utruleg bragd!

Ole Jakob gjorde eit forsøk i 2017, og var i svært god form, men blei alvorleg sjuk og måtte avbryta forsøket for å berga livet. Men denne gangen, fredag 24. mai klokka 01:30, skulle det lukkast for Ole Jakob!

Nå kan han kvila seg og sjå fram mot helgas finale mot Tottenham. Han håpar at Liverpool gjer som han sjølv: går til topps og kan nyta ein triumf! Ole Jakob sendte ein melding torsdag kveld om at dei blir siger med resultatet 3-1. Me vonar han har rett!

På vegne av med-supporterar frå heile landet: gratulera med bragda, Ole Jakob! You’ll never walk (or climb) alone!

Har du innspill til journalisten?