Eit forsøk på ei analyse på tampen av sesongen

Vil Liverpool klare å kvalifisere seg til Champions League i år ?

Meninger om LFC? Send oss et leserbrev

Alle medlemmer kan sende oss Leserbrev. Send ditt innlegg til [email protected] og redaksjonen gjør fortløpende vurderinger av publisering i forhold til kvalitet og nyhetsbildet. Alle blogger står fullt og helt for innsenders regning. Dette er ikke meningen til Supporterklubben eller liverpool.no.

Om ein i utgangspunktet skal gå ut i frå at Man Utd og Arsenal vinn sine hengekampar, vil alle tre laga stå med like mange poeng, og om lag like god målskilnad.

Eg går ut frå at Man City tek tredjeplassen. Dei er i flyt, har ein sterk stall og har det lettaste programmet vidare.

Fordelen til Liverpool i denne situasjonen er uansett at dei allereie HAR dei seks poenga som Arsenal og Utd treng for å kome ajour med Liverpool.

Fordel Liverpool er også at dei har færre kampar att å spele. Dei har uansett berre 7 kampar totalt å spele. Utd har minimum 11 kampar att å spele, om dei ryk ut i neste runde av euroligaen. Dei har 13 kampar att om dei gjeng vidare til semifinale. Det verkar som om Mourinho no ser at programmet er så tett og vanskeleg, at det vil vere det enklaste for United å nå Champions League gjennom å vinne Europaligaen. Det er også fordel Liverpool. Om dei skulle spele 13 kampar og kome til finale, vil finalen bli spelt etter Premier League er slutt. Men, Mourinho vil nok ta omsyn til finalen i dei siste Premier League-kampane. I tillegg har United 6 av 9 kampar att på bortebane. Av dei 9 kampane dei har att, har dei storkampar som Chelsea (H), City (B), Arsenal (B) og Spurs (B).

Eg trur United blir nummer 6.

Arsenal blir den argaste konkurrenten

Fordel Arsenal og United er at dei har ein breiare spelestall som tåler ei større belastning og som kan kompensere for fleire spelte kampar. Når Liverpool har 2- 3 nøkkelspelarar ute, har dei ikkje meir kvalitet i startellevaren enn kva som helst anna lag i Premier League.

Arsenal blir den farlegaste konkurrenten. Dei har att 10 kampar, medrekna semifinale i FA-cupen. I beste fall kan den ende i ekstraomgangar og straffekonkurranse.

Det er ei muligheit at Arsenal har funne att forma etter 3- 0 over West Ham. Og Arsenal i form er eit veldig godt lag. Dei har att 9 kampar i Premier League, og 5 av desse er på bortebane. Av «vanskelege» kampar har dei Tottenham (B) og United (H). Desse kampane kan Arsenal sjølvsagt vinne. Og dei har rutine til å slå Crystal Palace, Middlesbrough, Leicester, Stoke, Everton, Southampton og Sunderland.

Liverpool har som sagt uansett berre 7 kampar att å spele. Men, dei har tynn stall og ein del skader. Det er att 3 heimekampar og 4 bortekampar. Alle kampane er mot lag som er frå nummer 8 på tabellen og nedover.

2 av laga kjempar mot nedrykk, medan den siste motstandaren, Middlesbrough, truleg allereie har rykka ned før det siste oppgjeret på Anfield.

Men, som vi har sett tidlegare denne sesongen, er det nettopp slike lag Liverpool har problem med å slå. Etter mine tips vil Arsenal og Liverpool ende med same poengsum, og då vil målskilnad avgjere. Nesten som ligafinala i 89!

Eg påstår at med færre kampar å spele, og med på papiret lettare motstand, er det opp til Liverpool sjølv å avgjere. Dei KAN vinne alle av dei kampane som er att.