Lidenskap på vent

Fotballen er satt på vent i heile Europa, og debatten om kva som er riktig å gjera med ein sesong som er 3/4-ferdigspelt rasar i sosiale media. I mitt indre sinn er det nokre dagar slitasje fordi ein stor draum er satt på vent.

Meninger om LFC? Send oss et leserbrev

Alle medlemmer kan sende oss Leserbrev. Send ditt innlegg til [email protected] og redaksjonen gjør fortløpende vurderinger av publisering i forhold til kvalitet og nyhetsbildet. Alle blogger står fullt og helt for innsenders regning. Dette er ikke meningen til Supporterklubben eller liverpool.no.

Min enorme lidenskap innan fotball er Liverpool Football Club, og dei siste åra har eg gjort det eg kan for å få to til tre turar til den magiske byen kvart år. Neste helg skulle eg reisa aleina til Liverpool utan kampbillett, berre for å vera i byen den dagen Jordan Henderson løfta pokalen etter 30 års ventetid. Slik vart det ikkje, og blir det opp til Chris Waddle (kven, sa du?) så vil det heller ikkje skje. Logikken i, lat oss kalla det "Waddles absurde metode", er at det beste er om sesongen aldri hadde skjedd. Når kan ein ellers i livet sei at noko som har skjedd ikkje har skjedd likevel? 

Waddle er ikkje aleina om å koma med absurd argumentasjon, og den hittil beste eg har lest kom frå leiaren i Everton sin norske supportarklubb, Helge V. Grunnevåg. I eit intervju med liverpool.nopresterer han å uttala at sesongen må slettast utan vinnar og opprykk eller nedrykk. I England er dette blitt kjent som "null and void". Helge vil likevel gi den siste Champions League-plassen til Manchester United i staden for Sheffield United, dette fordi førstnemnde har betre målskilnad. I Waddle si verd skal ting som har skjedd ikkje ha skjedd likevel. I Helge si verd er urettferdig om nokon vinn ligaen, medan det er rettferdig om nokon får ein Champions League-plass på grunn av målskilnad. Altså, prøv no i alle fall å skjula Liverpool-hatet littdå, gutar.

Kva feiler det folk?

Eg er ikkje flau av å innrømma at eg tenkjer på at Liverpool skal få sin velfortente ligatittel. Eg meinar sjølvsagt ikkje at det er viktigare enn liv og helse og at det må skje for ein kvar pris. Likevel er min logikk slik at eg ikkje klarar å forstå argumentasjon om at ein avbrutt sesong skal bety at det ikkje blir eit resultat. Det at det ikkje har eksistert protokollar og vedtekter for dette reknar eg med blir ordna opp i når verda er attende i ein normalsituasjon. Eg har sett andre som har kommentert på lenker frå mellom anna TV2 Sporten at dei skal spretta champagnen den dagen sesongen blir kansellert. For nokon er det så viktig at Liverpool ikkje vinn ligaen at dei jublar for at koronaviruset har satt ein midlertidig stoppar for nettopp det. Kva feilar det folk? 

Fotballspelarar kjem ikkje alltid med dei mest gjennomtenkte svara, ei heller Ruben Gabrielsen som kallar den avbrutte franske sesongen eit mirakeldersom det betyr at laget han spelar på, Toulouse, ikkje rykk ned frå Ligue 1. Det var nok sikkert ikkje slik meint, men eit virus som har teke livet av 225.000 menneske skal aldri setjast i samanheng med mirakel. Joshua King hadde ein meir pragmatisk haldning til det i mars og trudde to lag rykka opptil 2020/2021-sesongen og at det det rykka ned fem lag til 2021/2022-sesongen. Det er ei tilnærming eg kan støtta meg på, då det vil gi ein form for resultat. King har nok litt vikarierande motiv sidan den løysinga ville redda Bournemouth frå nedrykk.

VIL KANSELLERE SESONGEN: Chris Waddle er ingen populær kar blant Liverpool-fans om dgen.

VIL KANSELLERE SESONGEN: Chris Waddle er ingen populær kar blant Liverpool-fans om dgen.

Barnsleg oppførsel i kommentarfelta

Eg plar kosa meg over utsagn som er heilt på viddene og utan form for logikk, men no gjer det også så ekstremt vondt i sjela berre å tenkja på at den heilt ville sesongen Liverpool har gjennomført kan bli sletta at eg har måtte fjerna "like" på ulike facebook-sider Det har ingenting med journalistikken å gjera, men den enormt barnslege oppførselen i kommentarfelta. Den er like barnsleg frå alle lag, sjølvsagt òg frå dei med sympatiar for dei raude frå Merseyside. Kan ikkje me berre slutta med dette og heller oppføra oss som normale folk? 

Alle veit at Liverpool har vunne ligaen, uavhengig av om dei løftar pokalen etter 29 kampar eller 38 kampar. Dei aller fleste meinar at Leeds og West Bromwich vil fortena opprykket. Ingen kan sei seg sjokkerte om Norwich også skulle rykka ned etter 29 kampar, men eg kan forstå at Aston Villa med sin eine kamp til gode vil sjå det annleis om dei rykker ned. Likevel, uansett kven du held med og kva vinkel du ser det frå så er det ingen logikk i verda som kan støtta opp under at det vil vera meir rettferdig å fylgja "Waddles absurde metode" enn å fylgja resultatet etter 29 av 38 spelde kampar.

Slik ser eg det:

  • Eg meinar at sesongen skal spelast ferdig fordi eg gjerne vil ha sport og fotball på tv-skjermen så fort som det er mogleg og forsvarleg. 
  • Eg forstår ikkje logikken bak at årets sesong må kansellerast fordi det er viktig å få i gong neste sesong.
  • Eg meinar at laga i The Championship som har gitt alt for å rykka opp skal få gjera nettopp dette. 
  • Eg meinar at laga som ligg nedst i Premier League skal rykka ned om sesongen blir stoppa.
  • Eg foretrekk at kampar blir spelt for fans og ikkje tomme tribuner, men det siste er betre enn ingen kampar.
  • Sist, men ikkje minst og aller viktigast av det uviktige for meg: Eg vil at Liverpool skal vinna Premier League etter 30 års ventetid!

For ein fotballsupportar er det viktig å nyta reisa, og ikkje berre venta på at ein skal oppnå suksess når sesongen er ferdig. Det er den umiddelbare jubelen og frustrasjonen gjennom ein heil sesong som skapar både dei gode og dårlege minna. Eg har nytt kvart einaste sekund av sesongen 2019/2020, og skulle den no bli "null and void" så er fortsatt Liverpool vinnar av Premier League. "Waddles absurde metode" kan ikkje ta vekk dei som faktisk har skjedd. Waddle kan ikkje avgjera at mi oppleving på The Kop søndag 10. november då Liverpool knuste Manchester City 3-1 "never happened". Eg var der og eg såg det og eg har bilete av måltavla som bevis. Det var den kvelden både eg og mange andre innsåg at dette blir sesongen, og dette vart sesongen. Ligatittel nummer 19 er sikra.

You'll Never Walk Alone!