Meninger om LFC? Send oss et leserbrev
Alle medlemmer kan sende oss Leserbrev. Send ditt innlegg til [email protected] og redaksjonen gjør fortløpende vurderinger av publisering i forhold til kvalitet og nyhetsbildet. Alle blogger står fullt og helt for innsenders regning. Dette er ikke meningen til Supporterklubben eller liverpool.no.
Me som hugsar VM i 1994 og 1998, då Noreg var i verdstoppen - 2 gonger med 2. plass på FIFA-rankingen, hugsar nok òg Nils Arne Eggen sin frustrasjon då Rosenborg tapte mot Molde etter å ha hatt 20 skot på mål mot Molde sitt eine. Han tapte mot rævva-fotball, og var svært så frustrert.
I går fekk eg sjå sesongbeste frå Liverpool si side - sånn bortsett frå at ballen ikkje skulle i mål, og at når Burnley gira opp virka det ikkje som spelarane oppfatta det og justerte eigen intensitet.
Liverpool skapte ikkje svært mange store sjansar, men kampen likna svært på fjorårets gode kampar, der det var god kontroll til einkvar tid, og det stort sett alltid var fleire alternativ for ballførar framover på banen. Relasjonane framover er tydeleg på veg til å bli ubevisste, og tilbakevinningsspelet nærmar seg Klopp-nivå. I tillegg har Slot tilført ein defensiv strategi som virkar betre når dei beste laga pressar hardt på i angrep enn det Klopp nokon gong klarte.
I starten av sesongen klarte laget å skape ganske mykje framover, men var altfor sårbare bakover, det er det mange som har kommentert, og Slot har altså klart å rette på det. Då kom klagene på at angrepsspelet ikkje sat.
Dei siste kampane - inkludert Arsenal-kampen sjølv om det ikkje resulterte i store sjansar - har det vore tydelegare og tydelegare kva spelarane (og altså Slot) prøver på. framover. Tempoet aukar og dynamikken blir meir koordinert for kvar kamp.
Sjølv var eg svært frustrert over kampen, men det hadde aller mest med at alle marginane gjekk med Burnley (og eg snakkar ikkje om dommaren, han gjorde ein god kamp). Til trass for ein xG på over 3 var det dei «last second»-involveringane til Burnley som hindra avslutningar eller ein pasning i å nå fram som frustrerte meg. Burnley gjorde seg fortjente til flaksen, men jaggu hadde dei flaks.
Frustrert over diskusjonen
Likevel er det eg blir mest frustrert over alt snakket om kor vidt Slot bør ut eller ikkje - og dette gjeld ikkje minst Liverpool.no-redaksjonen for tida. I podcast etter podcast blir det vist ein mangel på tålmod som ikkje høyrer heime - og sjølv når Mari er rimeleg nøgd med ein kamp (4-1) greier resten å øydeleggje gleda.
Det eg elskar med fotball er at mål er gull. Ein kan vinne med rævva-fotball sjølv om det ikkje er godt å sjå på. Det eg elskar med Liverpool er, slik Alexander Bjerke skriv om, at me står saman. Me heiar laget fram, og me hjelper laget - og kvarandre - i motgang. I tillegg er det slik at eg har ei forventning om at Liverpool skal vinne. Det gjorde me ofte under Klopp, og omtrent like ofte under Slot så langt. Eg har òg ei forventning om at me ikkje skal spele rævva-fotball - eller Drillo-fotball. Men når 3/4 av Premier League møter oss med slik taktikk er det opplagt at gullet blir ennå mindre tilgjengeleg. Drillo tok doktorgrad på slik taktikk, og 30 år med datainnsamling og -tolkning har forbetra både strategien og taktikken til perfeksjon. «It takes two to tango» heiter det, men når berre Arne vil danse må det svært mykje øving til for at det skal sjå bra ut.
Alt han har sagt og seier tilseier at han er klar over dette, OG faktisk har ein plan om korleis dette skal sjå bra ut, men det høyrest ut som redaksjonen verkeleg ikkje ser forskjell på - og altså forbetringa i - kampane i starten av sesongen og nå.
Når ein i tillegg tar i betraktning det Kenney Thodesen skriv om alderen på laget er eg for min del heilt overbevist om at me nærmar oss slutten på stormen. Lytt etter lerkesangen, folkens, eg syns eg kan høyre han allereie. Men Walk On, og støtt laget og Arne Slot så lenge det går - sutring og peiking på feil har ALDRI gjort andre betre. Marseille next!
