Meninger om LFC? Send oss et leserbrev
Alle medlemmer kan sende oss Leserbrev. Send ditt innlegg til [email protected] og redaksjonen gjør fortløpende vurderinger av publisering i forhold til kvalitet og nyhetsbildet. Alle blogger står fullt og helt for innsenders regning. Dette er ikke meningen til Supporterklubben eller liverpool.no.
Vi har kome til slutten av januar 2026. Fjoråret, som var Arne Slots fyrste sesong blei avslutta med ligagull, og framtida såg lovande ut.
Tida fram mot årets sesong blei ei berg og dalbane. Trent forlot oss på ein gratis overgang, men Van Dijk og Salah forlenga sine kontrakter.
Nunez som ofte gleda, men enda oftare frustrerte, drog vidare saman med Diaz. På uvanleg vis, investerte Liverpool tungt i verdsstjerner som Wirtz og Isak, og vi fekk også forsterking på venstreback med Kerkez.
Believer til doubter
Men, tapet av Jota var tungt å handtere, og påverka nok oppkøyringa i stor grad. Starten av sesongen var lovande med fem på rad, sjølv om spelet ikkje var gneistrande. Tida etter dei fem var ei rein katastrofe, og eg tenkjer at Arne frykta han måtte pakke bagen.
Med om lag fire månader att av sesongen er vi ute av tittelhåpet, og må kjempe hardt for å kvalifisere oss til Champions league. Vi har knappast spelt ein verkeleg god kamp sidan vi sikra tittelen mot Tottenham. Vi har tapt mot Manchester United og blitt audmjuka mot City, PSV og Nottingham forest.
Det tålmodige Anfield publikum har blitt utålmodig. Arne har hamna på kant med den største stjerna, og sjølv MacAllister arbeider hardt for å ikkje vere direkte i sin kritikk.
Spelarar som Semenyo og Guehi som var rekna som signeringar velger rivalen, og fornying av Arne si kontrakt er ikkje eit tema. Kan vi tolke det slik at spelarar, styret, og folket har mista trua på Slots prosjekt?
Går Arne inn for landing medan vi leitar etter rett alternativ til neste sesong?
Eg har vore ein som har forsvart Slot, men etter å ha sett ein kamp mot eit League One lag som hadde ein betre kampplan og spelestil enn oss, så har eg gått frå believer til doubter.
