Ventetid

Den som ventar.

Meninger om LFC? Send oss et leserbrev

Alle medlemmer kan sende oss Leserbrev. Send ditt innlegg til [email protected] og redaksjonen gjør fortløpende vurderinger av publisering i forhold til kvalitet og nyhetsbildet. Alle blogger står fullt og helt for innsenders regning. Dette er ikke meningen til Supporterklubben eller liverpool.no.

Den som ventar
Ventar ofte lenge
Og ein håper alltid at dette
Ikkje er forgjeves

I alle fall om ein ventar
På noko godt

Noko som skimrar der framme
I det fjerne
Bak skyene

Men, skyene er ikkje mørke nok til å skjule
Håpet
Og trua

Nokon gongar kan tre månadar med venting
Verke lenger enn 30 år

Av og til har ein venta så lenge
At ein nesten ikkje hugsar kva ein har venta på
Og av og til ventar ein på noko
Som andre ventar på

Men, som ein aldri har sett sjølv
Som ein berre har høyrt gjetord om

Noko som er så fantastisk
At det gjer eit heilt folk glad

Den som lengtar, elskar
Og håper
Og trur

Brått ein dag er det der
Det ein drøymde om
Men, som ein ikkje våga tru på lenger

Berre håpe

Bak regnet
Bak skyene

Det som levde i hjartet
Det som forsvann
Er kome heim
Til oss

Og vi skal ikkje vente lenger
Eller lengte

Vi skal synge
Høgt
Slik dei 96 kan høyre oss