Fotballspelarar er ferskvare

Om ein ser på nokre av dei laga som har dominert over fleire år på rad i sine land, er det eitt ord som går att: kontinuitet.

Meninger om LFC? Send oss et leserbrev

Alle medlemmer kan sende oss Leserbrev. Send ditt innlegg til [email protected] og redaksjonen gjør fortløpende vurderinger av publisering i forhold til kvalitet og nyhetsbildet. Alle blogger står fullt og helt for innsenders regning. Dette er ikke meningen til Supporterklubben eller liverpool.no.

Liverpool hadde det på 80-talet, Manchester United hadde det på 2000-talet, Rosenborg hadde det i eit tiår og vel så det, og no ser det ut til at Liverpool har funne nøkkelen att gjennom Jûrgen Klopp.

Det å ha suksess over fleire år er ikkje å halde på dei same gode spelarane heile tida, men å ha kunnskapen om å gradvis skifte ut, slik ein nesten ikkje merkar det. Det er sagt at både etterfølgarane til Sir Alex og Nils Arne fekk det for tøft fordi dei stod framfor eit lag som trengde store utskiftingar på ein gong. Det kan godt vere at det var det som gjorde tida til Graeme Souness for tøff også. Han tok over eit lag som krevde for mange utskiftingar med ein gong. Kontinuiteten i laget forsvann. Sjølv med Brendan Rodgers kunne ein sjå at det var for mange utskiftingar som gjorde at maskineriet stoppa opp. I staden for å vedlikehalde og smørje motoren, måtte ein fikse eit havari.

Seks år er lenge i fotball

Sist eg trudde Liverpool skulle vinne premier league var i 2013/14-sesongen. I siste seriekamp då dei slo Newcastle 2- 1 hadde dei følgjande lag: Mignolet- Johnson- Skrtel- Agger- Flanagan- Gerrard- Allen- Henderson- Sterling- Suarez- Sturridge.

Laget som spelte denne kampen for under seks år sidan har berre Henderson tilbake av desse. Men, seks år er lenge i fotball, vi gløymer ofte det. Men, for berre fire år sidan, i februar 2016 stilde vi med eit lag som: Mignolet- Clyne- Lovren- Sakho- Moreno- Lucas- Can- Henderson- Lallana- Firmino- Milner. Litt fleire kjende namn her, men framleis berre Henderson og Firmino som er i det ein kan kalle ein fyrste ellevar i dag.

Det er nok frå og med denne tida Klopp har starta på sitt mesterverk. Han har lagt stein på stein og bygga eit lag som er solid som fjell. I fjor kunne vi sjå at grunnmuren var solid. I år ser vi at grunnmuren framleis står like solid, men byggverket har fått fleire steinar å stå på. Vi ser at dei som har stått fram tidlegare framleis er med i reisverket, men at dei får andre roller. I staden for å kaste ut spelarar som Lallana, Milner og Lovren, har dei andre oppgåver i stallen og kan i tillegg bidra på bana når det trengst. Det er dette som er kontinuitet. Det er dette som vil gjere Liverpool til ein storklubb att. Og det verkar som om desse spelarane er nøgde med det også. Fordi, det er ingen annan plass det er betre å vere.

Grundig

Det som imponerar meg mest er kor grundig Klopp, og teamet hans er på alle områder når han kjøper ein spelar. Det verkar som om han ikkje berre kartlegger ferdigheiter og posisjon før han hentar, men omstillingsevne og karakter verkar å ha like mykje å bety. Som motsetning kan ein kanskje seie at El Hadji Diouf er den dårlegaste handelen Liverpool har gjort, og den hadde nok aldri vore gjennomført under Jurgen.

DÅRLEG ETTERMÆLE: El-Hadji Diouf vart aldri populær på Anfield.

DÅRLEG ETTERMÆLE: El-Hadji Diouf vart aldri populær på Anfield.

Derfor har Mr Klopp ikkje berre bygga eit berekraftig lag, men ei familie som tek seg av kvarandre og som klarer motivere kvarandre til å yte sitt beste. Ikkje berre for å gjere seg fortjent til lønna si, men for å gjere folket i Liverpool glade.

Skaper verdensstjerner

Det har ikkje alltid vore slik i Liverpool si moderne tid. All ære til Rafa Benitez som leia oss til to Champions League-finaler og nesten eitt Premier League-gull. Men, du verden for eit forbruk på spelarar det var i hans periode. Jürgen Klopp seier at han ikkje kjøper verdensstjerner, men skaper dei. Og ser vi på utviklinga til våre beste, så kan vi godt seie at det stemmer. Når det gjeld i tida frå Benitez og fram til Klopp, så har Liverpool brukt mykje pengar på overgangar og lønn til spelarar som skulle gå rett inn på laget og forsterke oss betydeleg, men som slett ikkje har gjort det.

Ein kan nemne spelarar som: Kewell, Carroll, Cole, Downing, Diouf, Cheyrou, Lambert, Babel, Ings, Coates, Borini, Benteke, Alberto, Aquilani, Meireles, Markovic, Adam, Balotelli, Morientes, Keane og Karius (som er Klopp sin). Det er to heile lag det med «stjernespelarar». Då har eg ikkje teke med unge spelarar som var venta slå til, men som ikkje gjorde det.

Ein del spelarar har også forlete oss i denne perioden. Spelarar som vi eigentleg lurte på om vi kunne klare oss utan, men som anten la opp eller gjekk til klubbar med lågare ambisjonsnivå. Som: Heskey, Murphy, Smicer, Babbel, Baros, Hamann, Fowler, Dudek, Garcia, Bellamy, Sissoko, Riise, Crouch, Finnan, Hyppia, Benayoun, Kuyt, Carragher, Reina, Agger, Gerrard, Johnson, Enrique, Skrtel, Allen, Lucas og Sturridge.

Desse er dei gode eksempla på at fotball er ferskvare, og at ingen spelar varer evig. Derfor er det så viktig å «skunde seg sakte» slik som Klopp gjer. Han har spelarar klar i rett tid til å tre inn i posisjonar når ein spelar ikkje lenger held det nivået som er naudsynt.

Er graset grønare på den andre sida?

Vi skjønar at det freistar for fotballspelarar å prøve seg i andre store klubbar der ein kanskje har større sjans til å vinne pokalar og endåtil få ei høgare løn. Det er også mange historier der den vonde skilsmissa ikkje har hatt det resultatet ein hadde venta, og øydelagt for resten av karrieren.

Ian Rush fekk prøve eventyret i Juventus etter å ha vore storskorar for Liverpool i fleire år. Det gjekk ikkje som han håpa, og han var heldig, for Liverpool stod klar til å ta imot den fortapte son. Ikkje alle har vore like heldige, men der er nokre som har lukkast også.

  • Xabi Alonso. Blei «ofra» av Rafa Benitez. Etter sigende ville Rafa skaffe seg Fabian Delph på midtbana og Alonso følte han fekk ikkje rette tilliten. Gjekk til Real Madrid og lukkast der. Kanskje det største tabbesalet vi har hatt? Hadde stor suksess i Liverpool med dei offensive pasningane og samarbeidet med Gerrard og Mascherano.

  • Mascherano. Ei vond skilsmisse der han streika heilt opp til seriestart for å få overgang. Den sterkaste midtbana vi har hatt er nok Mascherano, Alonso og Gerrard. Denne overgangen var ei vond påminning om at Liverpool ikkje var på øverste hylle og at Roy Hodgson ikkje var rett mann til å halde på stjernene våre. Gjekk til Barcelona og opplevde at graset var grønt der også.

  • Luis Suarez. Kvifor Luis, kvifor? Suarez slo skikkeleg igjennom i Liverpool og hadde sin absolutt beste sesong i 2013/14. Kontroversar med biting og ytringar mot Evra gjorde at han var borte i betydeleg mengde kampar på grunn av suspensjonar. Liverpool var likevel desperate etter å halde på han på grunn av kvalitetane hans. Det spørs om Jürgen hadde akseptert handlingane hans, eller kanskje han hadde klart å oppdra han? Var nær å gå til Premier League-rival Arsenal, og det gjorde det kanskje lettare at han til slutt enda i Barcelona. Eit sårt tap, men det var nok berre slik det kunne gå. Liverpool var framleis ikkje endestasjonen for dei største. Suarez har gjort det godt i Barca og har nok ikkje angra på at han følgde draumen sin.

KONTROVERSIELL: Kunne Jürgen Klopp ha temma Luis Suarez?

KONTROVERSIELL: Kunne Jürgen Klopp ha temma Luis Suarez?

  • Raheem Sterling. Fekk gjennombrotet sitt i Liverpool medan han var veldig ung. Fungerte svært bra saman med Suarez og Sturridge. Suarez forsvann og Sturridge var stort sett skada og ein Raheem åleine på topp gav ikkje same resultat. Hadde ikkje hjartet sitt i Liverpool og forlet oss til fordel for ein rival. Hadde passa inn i dagens Liverpool-lag, men må nøye seg med å bli harselert med når han kjem på besøk. Er ikkje i kategorien som får applaus når han kjem tilbake til Anfield. Trur ikkje han angrar så veldig på avgjerdsla. Gerrard seier han ikkje hadde nokon å vise pokalane til dersom han skulle vinne dei med nokon andre enn Liverpool. Sterling hadde på langt nær same tilknyting og er nok nøgd både med personleg og laget sin suksess der han er.

  • Michael Owen overraska mange når han forlet Liverpool på billigsalg. Vi såg ikkje for oss at yndlingen vår skulle velge vekk klubben sin for ein annan. Han går til Real Mardrid og når både han og familien vil heim året etter står ikkje moderklubben klar til å ta imot han. Owen trur at ein overgang er i orden, men når Newcastle byr høgare enn Liverpool, har dei ikkje økonomi til å matche tilbodet. Owen vil heim og har med i kontrakta si med Newcastle at han kan få gå til Liverpool dersom dei legg inn bod på han. Det bodet kjem aldri og Owen toppar heile greia med å signere for Manchester United.

  • Fernando Torres fekk sitt verkelege gjennombrot i Liverpool. Han var ei venta stjerne og svarte til forventingane. Eit fantastisk samarbeid særleg med Gerrard gjorde at vi venta at dei skulle ta oss til nye høgder og kanskje endeleg lukkast med å ta eit ligagull. Overraskinga var stor blant dei fleste når han annonserte i januar at han ville forlate Liverpool. Ingen av oss supportarar venta at dette skulle verte noko av, men Chelsea casha han inn for 50 mill pund og han var gått over til andre jaktmarker. Samstundes henta vi Suarez og Carroll, og historiene til dei to kjenner vi godt til. Torres er kanskje den som angra mest på ein overgang frå Liverpool. Til alt overmål debuterer han mot Liverpool på si nye heimebane Stamford Bridge. Liverpool vinn 1- 0 og Torres blir bytta ut midt i andre omgong. Dette blir melodien til Torres vidare. Aldri har vi vel sett ei stjerne hatt eit større fall. Han må tåle ein skikkeleg gjennomgang i media generelt for utrulige bommar på mål, utvisingar for skuespel og andre ting. Han blir nok ein av tidenes floppar for Chelsea, og eitt av tiltaka deira er å tilsetje tidlegare Liverpool-manager Rafa Benitez for å få Torres til å virke att. Rafa som har vore ein av dei største rivalane til Chelsea i moderne tid, og det var ikkje eit populært val blant supportarane.

  • Emre Can. Ikkje ein av dei viktigaste spelarane til Liverpool gjennom tidene. Er ein av Klopp sine betrudde, og det var svært overraskande at han ikkje ønska å forlenge kontrakta med Liverpool. Han var ein populær figur på laget og var spådd ei lys framtid sjølv om han ikkje heilt hadde slått ut i full blomst. Can går til Juventus og får noko begrensa med speletid. Sesongen etter er han ikkje eingong med i Champions League-troppen til Juventus og fekk no ein overgang til Dortmund til verdi av 22 mill euro. Alt du gjekk glipp av Emre.

  • Coutinho. Ei fersk og ganske kjend historie. Stjerna til Liverpool signerer ny langtidskontrakt på vårparten før han til hausten prøvar tvinge gjennom ein overgang til Barcelona rett før deadline. Klopp held på sitt og Coutinho spelar vidare og leverer varene. Så kjem januar og Coutinho vil på nytt vekk. Han blir i tillegg veldig dårleg i ryggen i denne perioden. Alle trur det er ein utopi at han forsvinn i januar. Liverpool er med i toppen av Premier League sjølv om gullet glimrar for langt borte. Dei er også vidare i Champions League, medan Coutinho ved ein overgang ikkje får spele Champions League for Barca. Barca har i tillegg omtrent avgjort serien i Spania. Det utrulige skjer at Coutinho på eit vis streikar seg til ein overgang og gjer seg upopulær i klubben der han har vore så godt likt. Liverpool kjem til finale i Champions League same sesongen. Sesongen etter spelar Coutinho mot Liverpool i semifinala i Champions League og må erfare at Liverpool snur 0- 3 til 4- 3 over to kampar og vinn finala 2- 0 over Tottenham. Det går ikkje så bra for Coutinho. Graset var ikkje grønare for han heller. Han blir etter sigande tilboden til Liverpool, Manchester City og Tottenham sommaren etter, utan at nokon av klubbane ville takke ja til tilbodet. Han er utlånt til Bayern Mûnchen og har hatt det bra der, sjølv om det nok ikkje var heilt det han såg for seg når han sutra seg til ein overgang.

No verkar det som om vi endeleg er ein klubb som ingen vil forlate. Sjølv ikkje dei som får lite speletid.

No verkar det som om vi endeleg er ein klubb som ingen vil forlate. Sjølv ikkje dei som får lite speletid. Det minner meg om tida på 80-talet, sjølv om eg veit at gamle dagar kjem aldri attende. Men, ikkje sidan den gong har eg merka på same viset at stjernene er nøgde i Liverpool trass veret og at stjerner frå andre land draumer om kveldane under flomlyset på Anfield der vi under hymna vår framleis kan skimte Dalglish, Rush, Gerrard, Fowler, Neal og fleire av våre heltar som aldri såg grønare gras enn her heime.