Det ser ikkje bra ut, men eg slit med å hissa meg opp

Onsdag kom bekreftelsen. Rafa tek over Everton…

Eg er veldig glad i Rafael Benítez. For mange av oss som er født midt på 80-talet, utan å få med oss ligagull og suksessen på 70- og 80-talet, blei han den første store som løfta Liverpool FC tilbake til gamle høgder som ein elles berre fekk lese og høyre om frå dei eldre som hadde blitt skjemt bort tidlegare.

År etter år måtte ein sjå Manchester United og Arsenal gjere opp seg i mellom om dei største troféa, mens Liverpool hang etter. Inn kom Roman Abramovich med sekkevis med rublar for at også Chelsea skulle konkurrere.

Liverpool hadde David Moores som eigar, og det var heilt klart at han ikkje hadde dei midlane som skulle til for at Liverpool kunne ta nokon snarvegar opp på nivået til dei andre. Løysinga fann dei i Rafa, som hadde gjort det same i Valencia mot gigantklubbane Real Madrid og Barcelona. Med langt færre ressursar hadde han teke Valencia til to ligameisterskap og UEFA Cupen, og kom til Liverpool som nybakt seriemeister i Spania. Det sto mellom José Mourinho og Rafa, og Liverpool ville ha spanjolen.

Allereie første sommaren mista han toppscorar Michael Owen for småpengar, men handla lurt frå ein marknad han kjente godt – og starta bygginga av eit lag. At suksessen og høgdepunktet skulle koma allereie første sesongen tenkte ein ikkje på der og då, men mirakelet i Istanbul vil gjere at han alltid vil vere ein klubblegende.

2005: Steven Gerrard og Rafa Benitez i Istanbul.

2005: Steven Gerrard og Rafa Benitez i Istanbul.

Alltid ein legende for meg

Det vart ein FA-cuptriumf også, året etter i Cardiff. Så tørka det dessverre ut på pokalfronten, men Liverpool var tilbake i Europa, og var alltid til å rekna med i Champions League.

Det blei berre nesten i 2008/09. då ein var med heile vegen inn og kjempa om ligameisterskapet.

Samstundes var det rein krig på eigarsida, og Benítez var midt oppi det. Han var blitt lova store pengar til å bygge vidare, men det viste seg raskt at dette berre var store ord. Det vart politisk, men han tok den krigen, og utan at han hadde kome med så klare signal er det ikkje sikkert ein ville klart å lukkast med å jaga George Gillett og Tom Hicks ut slik ein gjorde.

Alt han har gjort for Hillsborough-familiane, og måten han omfavna alt rundt klubben og byen. Det er vanskeleg å ikkje vera glad i han.

Kjem ikkje tilbake

Eg er sikkert ikkje den einaste som har hatt tankane «berre sjå for deg kva Rafa kunne fått til om han fekk støtte på overgangsmarkedet» i hovudet i mange år. Og dei slapp ikkje heilt taket før me fekk Jürgen Klopp som manager i 2015.

Benítez og familien busette seg på Wirral i 2004, og vart så glade i området at dei berre blei buande. Kona hans, Montse, og dei to døtrene, har budd der i 17 år medan Rafa har vore rundt om i Europa og verda og tatt ulike managerjobbar.

Det er sikkert mange som vil vere ueinig med meg, men det er ein av grunnane til at eg ikkje klarar å hisse meg opp over at han tek Everton-jobben. Det hadde vore betre om han tok Crystal Palace, Tottenham eller noko anna, men han virka rett og slett ikkje aktuell for dei. Liverpool-jobben ville han nok aldri blitt tilbudt igjen.

SER IKKJE BRA UT: Rafa Benítez er vist fram som Evertons nye manager.

SER IKKJE BRA UT: Rafa Benítez er vist fram som Evertons nye manager.

Kanskje vil eg mislike han på sikt – men eg trur berre Benítez så gjerne ønska seg tilbake i jobb – og aller helst i Premier League. Når han då fekk ein sjanse til å jobba så nære heimen tenker eg at det nesten får bli forståeleg at han seier ja. Eg vil ikkje seie eg unnar han det, og det beste hadde vore om han droppar det, men eg tenker det er forståeleg at han gjer det fordi han er som han er. Det er ikkje sikkert han treng dei pengane, men det har vore tydeleg frå første dag at det ikkje er pengar som driv han. Han vil berre jobba som manager.

Trøysta får vera at Everton er Everton. Han har allereie vore Chelsea-manager ein gong, og fekk vera der i litt over eitt halvår før han måtte gå, sjølv om han hadde suksess der. I Everton vil det sikkert ende i tårer, rett og slett fordi det er Everton.

Ein får satse på at han ikkje brenner for mange bruer for å få ombord Evertons kravstore og hårsåre supportergruppe, så kan han gå tilbake til å vera Liverpool-legenden som vann Champions League-pokal nummer fem og fekk dei heilraude tilbake på toppen i Europa.