Myten om Klopps «tøffe første år»

Gong på gong får me høyre om det: «Liverpool hadde det også tøft under Jürgen Klopp i starten».

Manchester United har ein norsk manager, og sjølvsagt vil det få mykje oppstuss når ein nordmenn tek over ein av verdas aller største klubbar. Oppstusset gjekk sikkert ein del som frekventerer akkurat denne nettsida på nervene, men det at det blir skrive og snakka mykje om Ole Gunnar Solskjær er sjølvsagt forståeleg.

Det betyr og mange kroner for TV 2, det betyr mange klikk for VG og alle andre, og det er generelt noko nordmenn bryr seg veldig mykje om. Både når det går bra og dårleg. Det finst Liverpool-supporterar som misliker Manchester United veldig, men håper at Ole Gunnar skal gjere det bra.

Det finst og Liverpool-supporterar som misliker alt med den klubben, inkludert manageren. Felles for dei begge, er nok at dei vil at han skal sitte så lenge som mogleg i den jobben han har.

SAMANLIKNAST: Av ein eller annan grunn skal Ole Gunnar Solskjær og Jürgen Klopp samanliknast. Det gir ikkje meining...

SAMANLIKNAST: Av ein eller annan grunn skal Ole Gunnar Solskjær og Jürgen Klopp samanliknast. Det gir ikkje meining...

Klopps dårlege start?

Manchester United ligg på femteplass på tabellen, 30 poeng bak Liverpool med to kampar meir spelt. Han har fått den vanskelege jobben med å stå bak eit generasjonsskifte, bli kvitt overbetalte spelarar som er over toppen, og satse på det unge. Klubben har eigarar som er nøgde så lenge klubben håver inn pengar, og har ein direktør som er flinkare til å få på plass avtalar med partnarar, enn han er på rekruttering og spelarlogistikk.

Alt det er greit - det er nok grunnar til at det er slik, men ein ting eg ikkje heilt forstår, er samanlikninga med Jürgen Klopp. No blir Jürgens «vanskelige start» brukt som ei samanlikning, på at ting ikkje var fryd og gammen på Anfield heller.

For den samanlikninga blir brukt heile tida, spesielt på sosiale media, i kommentarfelt, når ein overhøyrer eller snakkar med United-supporterar, og seinast på TV 2 etter at United tapte mot Burnley onsdag kveld. 

At Liverpool kom på sjetteplass under Brendan Rodgers i 2014/15, og at Jürgen tok over i oktober året etter (Liverpool låg på 10. plass), og tok laget «bakover» til åttendeplass i sin første halve sesong.

Eg tør påstå så godt som alle såg at Klopp sitt prosjekt var på riktig veg - at det var eit lag som heile tida utvikla seg i riktig retning, sjølv om ein tapte ein kamp og to i blant.

SAMANLIKNAST: Av ein eller annan grunn skal Ole Gunnar Solskjær og Jürgen Klopp samanliknast. Det gir ikkje meining...

SAMANLIKNAST: Av ein eller annan grunn skal Ole Gunnar Solskjær og Jürgen Klopp samanliknast. Det gir ikkje meining...

Kor var den misnøyen?

Ja, Liverpool kom på åttendeplass i Klopps første sesong, men det var heile tida optimisme og ein supporterskare som var i ferd med å bli snudd frå «doubters to believers».

Det første teiknet kom allereie i kampen mot eit veldig godt Tottenham-lag, der ein allereie kunne sjå litt av kva Klopp ville ha utav spelarane sine. Det kom fleire nedturar i enkeltkampar, så klart, men ein slo og lag som Chelsea på Stamford Bridge, Manchester City overbevisande både heime og borte, og den komande seriemeisteren Leicester på Anfield. 

Ein sleit mot svakare motstand, men viste eit toppnivå - spesielt i kampane mot topplaga, som ga grunn til optimisme.

Med Steven Caulker, på lån, som einaste januarsignering, tok laget seg til ligacupfinalen - den første finalen sidan 2012. Det blei tap mot Manchester City etter straffar. Den blir sjeldan nemnt når ein skal snakke om den «tøffe førstesesongen».

Det andre som aldri blir nevnt, er at Liverpool tok seg til finale i Europa League, og møtte ikkje kven som helst. Augsburg, Manchester United, eit glimrande Borussia Dortmund og Villarreal blei slått ut på vegen. Det er ingen tvil om at Europa vart prioritert - det var første året ein kunne kvalifisere seg til Champions League med å vinne den, og i ligaen klarte ein ikkje finne stabiliteten. Spelarar blei kvilt - sjansen gjennom å koma med gjennom Europa League var betre enn topp fire.

Manchester United har sjølv gambla, og kome seg inn i Champions League på denne måten. José Mourinho klarte det i 2017. Klopp klarte det ikkje i 2016 - men ingen ropte på hovudet hans av den grunn.

NESTEN: Liverpool var ein omgang frå å lukkast med Champions League-plass allereie i Klopps første sesong.

NESTEN: Liverpool var ein omgang frå å lukkast med Champions League-plass allereie i Klopps første sesong.

Ny misnøye i 2017?

Det var ein elendig januarmånad i 2017, med Sadio Mané i Afrikamesterskapet og Joel Matip som ikkje fekk lov å spele fordi det var ein misforståelse rundt hans nei til Kamerun. Liverpool vann ikkje ein einaste kamp, men ting løyste seg. Ein klarte målet, og kom seg inn i Champions League for å kunne tiltrekke seg spelarar frå ei høgare hylle. Chelsea stakk av med ligaen tidleg under Antonio Conte - var det verkeleg nokon som meinte ein skulle vinne ligameisterskapet allereie? Neppe.

Eg har sett at hausten også blir nemnt som ein periode der Klopp skal ha vore under press. I eit år der ein kjøper Mohamed Salah som leverer ein heilt eventyrleg sesong. Eit år der Virgil van Dijk seier at det er til Liverpool han vil - sjølv om han kan gå til kva som helst annan klubb i Premier League, og ein var tilbake i Champions League for første gong sidan 2015? Nja, nei, eg trur ikkje heilt på det.

Jepp - Liverpool tapte 4-1 borte mot Tottenham, og hadde ein skrekkeleg kamp. Eg hugsar kritikk av prestasjonen, men ingen som snakka om at han skulle gå av etterpå. I dei 14 kampane ein gjekk ubesigra etter - nei, kan ikkje hugse det altså.

TAPTE 4-1: Liverpool blei knust 4-1 på Anfield, men at Klopp var under press og kunne miste jobben? Spar meg.

TAPTE 4-1: Liverpool blei knust 4-1 på Anfield, men at Klopp var under press og kunne miste jobben? Spar meg.

Eg kan heller ikkje hugse det var noko misnøye med manageren etter at ein hadde tapt Champions League-finalen i Kiev - han har hatt full støtte både innad i klubben, og frå 99,5 prosent av supporterane heile vegen, så no kan ein godt gi seg med det snakket. 

#KloppOut var ein hashtag som på eit tidspunkt trenda. Det må ha vore 90 prosent supporterar av andre klubbar, og 10 prosent Liverpool-fans som undra seg kvifor den trenda - men for all del.

Tidlegare handla det om at Klopp tok seg til finalar og tapte dei. No har han vunne Champions League, og ein kan ikkje seie det lenger. Då prøver ein seg på eit nytt narrativ, om at «folk ville ha han ut før han lykkast». Det er jo berre tull. 

Er det nokon som har vore skeptiske til Klopp dei siste 4,5 åra, så er det folk som har Liverpool på avstand, og dei har heldigvis lite dei skulle sagt når alle dei riktige viste han full støtte heile vegen.