Rekordar er sjølvsagt stas, men var langt ifrå det viktigaste no

Det er mogleg eg ser heilt idiot ut neste onsdag.

Så skjedde det. Etter 44 kampar på rad utan tap sa det stopp, og Watford vann fullt fortent laurdag kveld.

Enkelte dommarar ville vist ut Troy Deeney for taklinga hans på Trent Alexander-Arnold, og kven veit kva som kunne skjedd om avslutninga til Adam Lallana gjekk nokre millimeter lenger til venstre - men det følest likevel ikkje som noko ein treng å laga så mange unnskyldningar for.

Ja, me tapte, og me kjem ikkje til å gå ubesigra gjennom 2019/20-sesongen. Me var nære i fjor, og kjem truleg til å koma nære også i år, men så må ein ikkje heilt gløyme kva som faktisk betyr noko.

Det er å endeleg vinna Premier League-troféet igjen.

Klart ein drømmer om perfeksjon

Liverpool var i rute med å levere den heilt perfekte sesongen. Det er klart, ein ønsker alltid det perfekte, og klart det ville vore stas å matche det Arsenal gjorde i 2003/04-sesongen.

Men det ville no samstundes og «berre» vore endå ein rekord. Det er klart det hadde vore ein fantastisk prestasjon, men hadde du gitt meg valet om å gå utan tap gjennom ein sesong, og kunne vinne eit Premier League-trofé og samstundes ha sjansen til å vinna fleire, ville eg utan tvil ha valt det sistnevnte.

FØRSTE TAP: Liverpool har eitt tap denne sesongen.

FØRSTE TAP: Liverpool har eitt tap denne sesongen.

No er det mogleg eg vil sjå heilt idiot ut om ei veke, om Liverpool skulle ryke ut av både FA cupen og Champions League - men det at ein ikkje heile tida skal vere på rekordjakt i Premier League, og likevel kan vinne ganske komfortabelt, vil gi Jürgen Klopp betre sjansar til å lykkast i cupane.

Ville nok gjort det uansett

Ikkje at eg trur han ville brydd seg så mykje uansett. Klopp har sett ut til å nesten kjeda seg når han har fått spørsmål om sigersrekker og tal på kampar på rad utan tap.

No er det langt ifrå alle som har tatt til tastaturet og tømt seg for så mykje negativitet at ein skulle tru ein var i situasjonen til Arsenal eller Tottenham på tabellen, men det er nokon. Og sånn vil det vel kanskje også alltid vera. Ein ser fotball ulikt, og for nokre vil det alltid vere ein stad for å få tømt seg for frustrasjon.

Då har ein hatt få sjansar til å tømme seg og lette på akkurat dét trykket dei siste par åra.

Liverpool er i rute til å vinne Premier League. Ein er framleis med i både FA-cup og Champions League. Det blir kanskje ikkje den 100 prosent perfekte sesongen på grunn av dette eine feilskjæret, men det ser likevel ut til at ein kan få den beste sesongen alle som ikkje opplevde 70- og 80-talet nokon gong har fått vera med på.

Slik eg hugsar det Arsenal-laget frå 2003/04, så var dei tidvis heilt fantastiske, men dei spelte og uavgjort i 12 av 38 kampar og såg til tider ut som eit lag som var meir redde for å tapa, enn eit lag som heile tida gjekk for siger. Kven veit? Kanskje vil og Liverpool slå seg litt meir laus no når dette er ute av verda, for denne sesongen om ikkje anna. 

Ein trengte i alle fall eit spark i ræva - både laget, og kanskje eit Anfield som var i ferd med å bli litt for redd for at rekordar skulle ryke. Det gir meg litt ekstra tru, før Bournemouth og Atletico Madrid.