Liverpool har toppa tabellen utan å ha kome skikkeleg i gong denne sesongen. No er det på tide

Liverpool har toppa Premier League sidan sigeren mot Tottenham. No er United forbi.

Det har allereie blitt snakka altfor mykje om – men det skal seiast veldig mange gonger før det er over – dette er ein heilt spesiell, og «sjuk sesong».

Det er ikkje lett å samanlikna den med dei to tidlegare sesongane. Etter 17 kampar i 2019/20-sesongen hadde Liverpool vunne 16, spelt ein uavgjort, og framleis ikkje tapt. Tabellen viste 49 poeng, og ei luke på ti poeng ned til Leicester City, som var nærmaste utfordrar.

I 2018/19-sesongen hadde Jürgen Klopp sine gutar 14 sigrar, tre uavgjorte og null tap etter 17 kampar. Det var igjen førsteplass, og 45 poeng. Eitt poeng meir enn Manchester City, som dessverre kom til å vinna serien den sesongen.

Sesongen liknar meir på 2017/18-sesongen, då Virgil van Dijk kom inn i januar og fekk orden på forsvaret. Då hadde Liverpool 31 poeng på dette tidspunktet, og var på femteplass – 18 poeng (!) bak City som toppa.

Sjølv om ein berre har 33 poeng så langt, så er ein framleis heilt oppe i toppen. Det er no tre poeng opp til Manchester United, som kjem til Anfield på søndag.

På tide å koma i gong

Eg kan berre snakka for meg sjølv, men eg sit litt med ei kjensle av at Liverpool framleis ikkje har klart å koma i gong denne sesongen.

Laget har vore med i toppen, men etter seks uavgjorte på 17 kampar, har ein ikkje hatt den kjensla av at det på noko som helst tidspunkt flyt skikkeleg, slik me har vore vant med. Og likevel er ein heilt der oppe.

Det må jo snart flyte igjen – må det ikkje? Sjølv utan Virgil van Dijk i midtforsvaret er dette laget såpass bra, at eg ikkje kan sjå for meg at ein ikkje skal klare å få ein del sigrar på rad, og igjen vise kva som er det beste laget i Premier League. Manchester City sleit lenge denne sesongen, men ser ut til å ha kome i den sonen no. Det må Liverpool og få til, helst så snart som mogleg!

Til no har ein berre klart å vinna tre kampar på rad i ligaen denne sesongen. Me har blitt vant med lange sigersrekker under Klopp – og no er det på tide med ei ny.

God tid på treningsfeltet

Jürgen Klopp, Pep Lijnders og Peter Krawietz har no hatt noko så sjeldan som god tid på treningsfeltet. Etter tapet på St. Mary’s 4. januar, gjekk det fem dagar til eit møte med juniorlaget til Aston Villa.

Frå den kampen og fram til United-møtet er det ni dagar. I ein periode der dei andre laga speler to gonger i veka, får ein no endeleg god tid til å stake ut kursen vidare.

Det ser ikkje ut til at klubben kjem til å hente inn ei korttidsløysing på midtstopparplass. Med det ekstreme kampprogrammet som er i vente dei neste seks vekene, blir det interessant å sjå korleis Joel Matip blir brukt. Kan det vera at denne pausen blir brukt til å endre litt på måten ein speler på? For om planen er at dei urutinerte, Rhys Williams og Nathaniel Phillips, skal steppe inn ein gong i veka, så må ein kanskje ha ein annan alternativ plan.

Då kan kanskje vegen vera at ein scorer såpass mykje mål at ein vinn sjølv dei gongene det glipper der bak. Det blir kanskje ikkje like behageleg å sjå kampar som det har vore dei siste to åra, men skulle ein gå for ei slik løysing så kan det i alle fall bli ganske gøy. Det var gøy, og ganske effektivt under Brendan Rodgers, og har vore gøy under Klopp før han fekk alle brikkene på plass sommaren 2018.

United på søndag

På søndag kjem altså Manchester United og Ole Gunnar Solskjær til Anfield. Erkerivalen har ikkje hatt så mykje å juble for dei siste åra, så eg kan ikkje vera den einaste som har blitt nødt å trykke på mute-knappen på enkelte som plutseleg blei høglytte igjen i sosiale media.

Det er lov å grua seg til akkurat den kampen, for det er sjeldan noko kjekt å møta dei. Og sjølv om det er ein «sjuk» sesong, så får me håpa at den rekka på Anfield står seg også etter søndag. Rekka står på 67 kampar no.

Sjølv finn eg ro i akkurat den Anfield-formen – og korleis laget har løfta seg i kampar mot dei betre laga tidlegare denne sesongen. Overkøyringa av Leicester og Wolverhampton, korleis ein spelte mot Arsenal, og spelet mot Tottenham sjølv om sigersmålet satt langt inne.

At Thiago Alcantara no har fått to veker med full trening, og forhåpentlegvis kan nærma seg det nivået me har forventa og håpa på, gir og grunn til å sjå lysare på ting framover.

Liverpool - Manchester United spilles søndag kl. 17.30, og sendes på TV 2 Sport Premium og Sumo.