Rotasjon som skuffar ein supportar

Eg syns Klopp slepp altfor lett unna når han forsvarer roteringa han gjer.

Meninger om LFC? Send oss et leserbrev

Alle medlemmer kan sende oss Leserbrev. Send ditt innlegg til [email protected] og redaksjonen gjør fortløpende vurderinger av publisering i forhold til kvalitet og nyhetsbildet. Alle blogger står fullt og helt for innsenders regning. Dette er ikke meningen til Supporterklubben eller liverpool.no.

Eg syns òg at dei store protestane mot oss som kritiserer Klopp for roteringa han gjer, bommar for det meste. For det er ikkje det at Klopp roterer mannskapet eg med fleire kritiserer, men at han ikkje stiller med dei beste spelarane våre mot Chelsea og Everton. I mine auge er det ein større feil, enn den Mané gjer ved å ikkje sentre, Lovren gjer ved å forårsake straffe eller for den del Pawson gjer som dømmer straffe. Så einig med Shearer; Klopp kan begynne med å kjefte på seg sjølv, for han gjer den største feilen!

Dei som seier at ein ikkje kan klandre Klopp for 1-1 mot hhv Chelsea og Everton, tar feil! Eg kan ikkje bevise det, nei, men det er ikkje rakettforsking som ligg til grunn for å hevde at Coutinho og Firmino aukar sannsynligheten betydeleg for mål kontra Solanke og Oxlade-C. I Chelsea-kampen sat Firmino og Mané på benken heile kampen (Mané kom innpå i 89.). Det er skuffande avgjersler frå Klopp si side. Utanom dei fem topplaga og Everton, så har han 13 andre lag, altså 26 kampar, der han kan rotere.

For meg er dette to stygge riper i lakken for Klopp. Det er komplett uforståeleg for meg som supportar at han kan la vere å stille med dei beste spelarane våre i ein toppkamp og mot Everton, og det er jo berre å kvi seg til Arsenal om ei dryg veke. For det kan faktisk skje; at Salah og Mané blir kvilt i den kampen, for eksempel. Eg skal ærleg innrømme at eg ikkje såg dette kome...