Hasta la vista

Dette forstår eg ikkje heilt Coutinho. For du var så profesjonell og talentfull på bana. Frå ein verdsklassespelar ventar ein kvalitet i alle endar, men dette var rett og slett amatørmessig.

Meninger om LFC? Send oss et leserbrev

Alle medlemmer kan sende oss Leserbrev. Send ditt innlegg til [email protected] og redaksjonen gjør fortløpende vurderinger av publisering i forhold til kvalitet og nyhetsbildet. Alle blogger står fullt og helt for innsenders regning. Dette er ikke meningen til Supporterklubben eller liverpool.no.

Du kjem til ein stor klubb, får god utvikling og blir interessant for større klubbar. Alt dette er naturleg og noko ein kan rekne med. Sjølv om eg meiner det ikkje er større klubbar enn Liverpool.

Eg forstår at klima spelar ei rolle. Eg forstår at det å bu og spele fotball på ei forblåst britisk øy ikkje er draumen til ein som er van med å kjenne den venlege stryken av varm vind i håret. Eg forstår at kulturen til ein sør-amerikanar fortel at Barcelona eller Real Madrid er det ultimate mål. Du spelar med dei beste, du har varm vind i håret og du slepp å følgje med på tilbod i butikken før du skal ut og handle. Det er greitt.

Men, når du fyrst kom til ein klubb på dei forblåste britiske øyer, så kom du til ein klubb som har den sterkaste historia, det beste publikummet og dei største framtidsmåla. Og, du blei verdsett. I 2015 blei du belønna av klubben med ny kontrakt der du fekk ca 770 000 kroner i vekeløn. Mykje pengar for ein som knapt har blitt 20 år. OG, du forplikta deg til klubben med å skrive under på kor mange år du skulle vere her, på øya.

Gjensidig forpliktelse

Prestasjonane auka med lønna, og berre to år seinare, i januar 2017 såg Liverpool at vi har finslipt ein juvel. Vi ønskjer at han skal forplikte seg til oss i lang tid slik han kan tene for klubben sitt beste. Samstundes aksepterer klubben at ein slik forpliktelse vil koste klubben og klubben om lag doblar lønna. 50% lønnsauke. Ikkje verst. Særleg ikkje når det då er snakk om 1,6 millionar kroner i vekelønn. Og du signerer. Du signerer nedst på kontrakten at du skal vere her til 2022 og samstundes få utbetalt lønn på over 1,5 million kroner i veka. Du forplikta deg til klubben og fekk betalt for det, akkurat slik det skal vere. Utan ein klausul. Utan at du ville ha med at dersom Barcelona ville kjøpe deg, skulle du få gå. Det var merkeleg. Var ikkje Barcelona den ultimate draumen? Trudde du ikkje at du nokon gong ville verte god nok til å spele for Barcelona?

For eit halvt år etter var du god nok til det. Barcelona ville kjøpe juvelen som hadde blitt slipt på dei kalde britiske øyer. Men du hadde for kort tid sidan sagt at du heller ville vere i ein klubb der dei ville lage ei statue av deg, enn å vere i ein klubb der du var ein av mange. Du hadde for kort tid sidan gjeve din signatur og ditt ord på at du tek i mot 50% lønnsauke mot at du er i klubben fram til 2022. For du visste det? At ei kontrakt er ei gjensidig forpliktelse der begge partar er ansvarleg for å halde sin del av avtalen?

Derfor tok eg det ikkje så tungt når rykta kom i august. Noko måtte journalistane skrive. Jau, eg blei litt uroa når det ikkje heilt ville gje seg og eigentleg håpte eg på at du steig fram og sa at det ikkje var grunn til å uroe seg for du hadde akkurat skrive under ei ny kontrakt som gjorde at du forplikta deg til klubben. Men, så gjorde du ikkje det. I staden blei det meir tydeleg at dette var kanskje noko du kunne tenkte deg. Og etter kvart meir enn noko du kunne tenke deg, men noko du ville.

Så var klubben tydeleg på at sal ikkje var aktuelt. Vi hadde skrive avtale med juvelen og det var ikkje tid til å finne ein ny diamant i smykket på så kort varsel. Eg tenkte at det forstår du, Coutinho. At dette kom litt brått på. At det var litt brått å gå frå ei kontrakt der blekket enno ikkje var tørt til å seie at du ville bort. Dette ville du ikkje gjere mot klubben, mot medspelarane, mot dei raude som hadde kjøpt drakt med nummer 10 på ryggen.

Men, du tenkte ikkje slik. Den forpliktelsen du gjorde for klubben med å signere var ikkje viktig lenger. Den forpliktelsen du gjorde for oss andre var ikkje viktig lenger. Klubben hadde belønna deg med ei astronomisk vekelønn, men du sette deg ned og sa du hadde spelt din siste kamp for klubben. Dessutan hadde du vondt i ryggen om du kjende godt etter.

Då visste eg. Då visste eg at du kom til å reise. Sjølvsagt. Medan Klopp er i ferd med å bygge eit storlag for byen, for å gjere folket glad som Shankley gjorde, måtte han no truleg planlegge å finne ein erstattar for deg. Til neste sesong. Sesongen 2018/19. For august var over. Du var ikkje seld og sesongen 2017/18 var i gang. Og ryggen din vart heldigvis betre. Det var fantastisk å sjå deg kome på bana att. Den var utruleg deilig for oss å sjå deg curle inn frispark, servere Salah og score ditt fyrste hat-trick for klubben. Sjølv om smilet ikkje heilt var det same. Sjølv om gleda syntes å vere litt borte virka det som om du hadde forstått at du hadde ein jobb å gjere. Du hadde ein forpliktelse ovanfor klubben, ovanfor folket.

Og Liverpool gjorde det bra. Nokre feilsteg blei retta på, men kursen er stødig fram mot jul og nyttår. Avisene skriv at Barcelona har tenkt å gjere nye framstøt i januar, men eg vert roa av ryktebørsen på Liverpool.no som skriv at du skal ha fortalt vener at du ikkje kjem til å reise i januar. Barcelonas formann seier også at han er nøgd med dei spelarane han har. Sjølvsagt er han nøgd. Real Madrid har snubla og til nyttår kan ein nesten seie at Barcelona er meistrar i Spania. Sjølvsagt vil du vere i Liverpool fram til sommaren. Sjølvsagt vil du gjere opp for dei bruene du brende i august. Sjølvsagt vil du i avskilsgåve levere den beste sesongen i raudt med å kjempe om 2 plassen i Premier League, og avansement i Champions League. Sjølvsagt skal sesongen 2017/18 stå i historiebøkene at det er sesongen til «The fab four».

For sesongen til Barca er likevel om lag avgjort. Og om du reiser dit vil du ikkje få spele Champions League-fotball. Og du har kontrakt med klubben. Ei god kontrakt. Du får godt betalt for det du leverer.

Uforståeleg

Eg visste du kom til å reise. I juli. For du kunne heller ikkje gå ut i streik om det skulle vere eit alternativ. For det er snart VM og det var viktig for deg å prestere slik du fekk vere med på sirkuset. Så skulle vi stå klar i juli. Og takke deg, den store Coutinho. Som hadde bidrege til ei god plassering i Premier League-sesongen 2017/18 og ein framifrå innsats i Champions League som gav gjenklang på The Kop. Ein ny byggestein var lagt i meisterverket til Klopp, sjølv om vi no skulle ta farvel med ein magikar, ei legende ein som spelte for å gjere folk i Liverpool glade.

Men, det vart ikkje slik. Ikkje før hadde januar starta før du var skada, og Barcelona kom med sjekkheftet sitt. Eg tenkte ikkje det var mogeleg. Eg tenkte at det er ikkje mogeleg at du ønskjer å reise i januar. Eg tenkte det ikkje var mogeleg at du ville setje deg på bakbeina og gjere heile januar om til spekulasjonar, overskrifter og ta fokuset vekk frå Liverpool. Eg tenkte det var ikkje mogeleg at Liverpool gjekk med på å selje juvelen no, i januar.

Eg er nok farga raud, men eg klarer framleis ikkje sjå at det er større sportsleg utfordring i å reise til ein klubb som allereie har vunne seriemeisterskapet enn å vere fem månader til i ein klubb som kjempar i eit rotterace om ei topp-plassering i ein liga der kvar einaste takling gjeld. Eg klarer ikkje sjå at det er sportsleg utfordrande å reise til ein klubb der du ikkje kan spele Champions League kampar denne sesongen framfor å vere fem månader i ein klubb der du kan spele mot dei største klubbane i verda under flomlyset på Anfield på ein av dei kjende tysdag eller onsdagskveldane. Eg klarer framleis ikkje å forstå at du ikkje var meir interessert i å godta at du eller agenten din ikkje hadde fått med ein klausul i kontrakten som sa at du kunne reise om Barcelona ville kjøpe deg.

Eg forstår at eg ikkje kan forstå alt. Men, eg forstår ikkje med mi beste evne at du heller ville reise frå Liverpool, hugsa som ein som sutra seg til å få reise, enn å vente fem månader til. Fem spanande og utfordrande månader, og takke av som ein ekte Liverpool-helt. Ei ekte Liverpool legende. Eg forstår det berre ikkje.

Hasta la vista.