To steg fram

Blogger Ronald Øvrelid frykter historien er i ferd med å gjenta seg etter Coutinho-salget.

Meninger om LFC? Send oss et leserbrev

Alle medlemmer kan sende oss Leserbrev. Send ditt innlegg til [email protected] og redaksjonen gjør fortløpende vurderinger av publisering i forhold til kvalitet og nyhetsbildet. Alle blogger står fullt og helt for innsenders regning. Dette er ikke meningen til Supporterklubben eller liverpool.no.

Sidan 1990 har vi venta. Det er ti år FØR min eldste son vart fødd. Han hadde sjølvsagt ikkje noko val når det var spørsmål om kva lag han skulle halde med. Han var nesten 5 år då Liverpool utførte mirakelet i Istanbul.

Gjennomsnittsplassering på 1,2

Lite ante eg at det skulle ta meir enn 28 år før vi skulle feire neste ligatittel på Anfield. Det kan også godt vere at det blir meir enn tretti. Sonen min har sett kampen mot Milan på DVD fleire gongar saman med meg, og på denne måten fått ei oppleving av at han hugsar det. Men, bragdene på 80- talet må eg skildre til han med eigne ord, med eigne kjensler. Han ser på meg med store auger og pustar inn det eg fortel han. Gjennomsnittsplassering på 80- talet : 1,2.

Han høyrer kva eg fortel han, og likar det han høyrer, men har framleis vanskar med å forstå det. Det er så langt frå det han har opplevd. Det er så langt frå den smerta han har kjent på når Manchester United, Chelsea eller Arsenal har vunne Premier League, eller som for to år sidan; Leicester. Vi kjempar om å kome på topp fire. Eg har vakse opp i lette kår. Då ein kunne halde med Liverpool utan å få syrlege kommentarar frå Manchester-området. Eg vaks opp på den tida Manchester United stort sett enda midt på tabellen. Son min veks opp i ei tid der det snart har gått 30 år sidan Liverpool vann seriemeisterskapet, og alt håp snart er svunne. All tru har bleikna og vi står att med historiene, einskildkampane og stjernene som drog til varmare strok for å vinne trofe. Men, han har på seg Liverpooltrøye når han går ut, og han held hovudet oppe.

«Neste år»

Eg var sjølv ein av dei som etter kvar sesong sa: «neste år», og gjentok det same året etter og året etter det heilt til eg sjølv nesten ikkje trudde på det lenger. For Liverpool har hatt gode lag og gode spelarar. Vi har hatt Hyppiä, Carragher, Gerrard, Alonso, Mascherano, Torres, Garcia, Hamann, Smicer, Litmanen, Riise, Fowler, Redknapp, Owen og Mcmanaman. Men, det har berre blitt nesten.

Eg oppdaga i 2013 at no sa eg ikkje «neste år» lenger. Jau, eg trudde endå, eller i allefall håpa. Men, såg no at den moderne pengebruken ikkje stod i stil med min klubb sin filosofi eller evner. «Ein gong», tenkte eg. «Ein gong vil vi klare det».

Og då eg hadde mista trua og håpet etter at Liverpool hadde hatt trenarar som Houllier, Benitez, Hodgson og Dalglish, tilsette dei unge Brendan Rodgers frå Swansea. Det hjalp ikkje på trua mi fyrste sesongen. Men, andre sesongen sette dette Liverpool laget med Rodgers som trenar og Suarez på topp liv i ein gnist som hadde vore borte så lenge. Det eg ikkje hadde våga tru eller håpe på var brått mogleg. Det var innanfor rekkevidde, det var i våre hender. Men, det glapp. Men gneisten hadde fått liv. Men, gneisten rakk ikkje sette fyr på noko. For ut drog Suarez og inn kom Balotelli. Og ikkje lenge etter måtte den gamle Swansea trenaren også gå. Vi hadde teke to steg fram, men eitt tilbake.

En ny stjerne kom inn

Stjernespelarar som Suarez og Gerrard var borte, men ei ny stjerne kom inn. Mr Klopp. Ein av dei mest ettertrakta trenarane i verda. Han kom til oss, til Liverpool. Gneisten var der att. Han forma laget, han kom til europaligafinale og han tok oss til ligacupfinale. Til jul 2016 var ekspertane stort sett einige. Dette kunne verte Liverpool sin sesong. Vi kunne vinne Premier League. Men, nokre vanskelege månader i starten av 2017 drap håpet. Vi var igjen i ferd med å kjempe om å kome på fjerde plass. I sesongen vi trøysta oss med at vi ikkje skulle spele europacupfotball. Akkurat som Leicester året før.

Vi kvalifiserte oss til Champions League og kunne derfor sei at vi hadde teke eitt steg fram. Klopp synte kvar ambisjonsnivået låg når han nekta å selje den største stjerna om sommaren. Kanskje neste år?

Coutinho-salget

Men, Manchester City viste tidleg at dei er altfor sterke. Vi spelte betre mot dei dårlege laga i år og har til og med vunne mot Manchester City. Men, i januarvindauget klarte vi ikkje å halde på den største stjerna vår. Den mest kreative, kanskje den einaste kreative? I bytte fekk vi ca 1, 5 mrd kroner. Vi invisterte ei ein solid forsvarar og kvitta oss med ein verdsklasse midtbanespelar. Men, pengane står i banken. Etter dei to siste kampane har vi møtt laget som var aller sist i premier league og tapte 0-1. Så skulle vi slå tilbake på heimebane i FA cupen mot laget som har vunne ein gong sidan august, og tapte 2-3.

Gneisten som tok fyr er igjen i ferd med å slukne. Det kan veldig fort koste 1,5 milliarder å kjøpe ein kreativ verdsklasse midtbanespelar. Og det kan like fort koste like mykje å ikkje gjere det og havne utanfor topp fire. Eg kjenner igjen på at vi har teke to steg fram og eitt tilbake.

Min draum er at min son skal fortelje sin son og mitt barnebarn om kor vanskeleg det var å vekse opp som Liverpool supporter mellom Manchester Utd, City, Arsenal og Chelsea fans som den som heldt med eit lag som berre klarde det nesten. Draumen min er at barnebarnet mitt skal sjå på oss med undrande auge når vi fortel at det ein gong tok 30 år før Liverpool vann Premier League. Og han skal nesten ikkje tru på oss.