Kvifor ein miserabel sesong?

Ein vil så gjerne finne gode svar på kvifor sesongen i år ikkje har gått slik som vi verken hadde håpa eller trudd.

Meninger om LFC? Send oss et leserbrev

Alle medlemmer kan sende oss Leserbrev. Send ditt innlegg til [email protected] og redaksjonen gjør fortløpende vurderinger av publisering i forhold til kvalitet og nyhetsbildet. Alle blogger står fullt og helt for innsenders regning. Dette er ikke meningen til Supporterklubben eller liverpool.no.

Ikkje at det hjelp så mykje, og ikkje at Liverpool eller støtteapparatet treng mi hjelp til å finne det ut, men i ein sesong der vi strevar med å kvalifisere oss til Conference League i staden for å kjempe om tittelen, leitar vi etter svar.

Fjorårets sesong var heilt fantastisk. Den kunne ha enda som tidenes sesong med ein kvadruppel. Men vi tapte på målstreken mot City i Premier League, der ein feilaktig VAR avgjerdsle kunne ha hjelpt oss, og vi tapte i Champions league finala, der vi eigentleg var best. Vi sat att med to pokalar etter å ha vunne på straffe mot Chelsea både i Carabao-cupen, og i FA cupen. Med tanke på kor tilfeldige straffesparkkonkurransar er, kunne vi faktisk risikere å sitje att med ingenting førre sesong.

Kosta meir enn vi trudde

Men, den gode sesongen kosta nok mykje meir enn det vi trudde. Vi spelte alle kampane som det er mulig å spele. Dei fysiske og mentale påkjenningane var nok mykje større enn det nokon av oss kunne tenkje oss, og sette spor langt inn i årets sesong. Dette var nok ei av årsakene til at sesongen ikkje starta så bra som den burde.

Alle lag har skader, og det må ein rekne med. Men, akkurat i år må vi vere einige om at Liverpool har vore særs uheldige. Jota, Diaz, Konate, Matip, Gomez, Thiago, Keita, Jones har alle vore ute i lange perioder med skader. Når vi henta inn ei kriseløysing på midtbane i Arthur, enda også han med å bli langtidskada. Og når det unge stjerneskotet Bajcetic får sitt gjennombrot, blir han også ute resten av sesongen. Det har elles vore normalt med skader på dei andre som ein må rekne med.

Nunez, Carvalho og til slutt Gakpo vart henta inn for å styrke laget. Carvalho er ung og var nok tenkt til å skulle vekse seg inn i rolla utover sesongen. Nunez skulle også lære laget å kjenne, men begge vart kasta inn på grunn av skader på eit lag som ikkje hadde rytme. Då er det særs vanskeleg å vere nykomar. Carvalho verkar å vere prega av dette og er heilt ute av startoppstillinga. Gakpo kom i januar, og for han var nok situasjonen enda verre. Å kome inn som ny på eit lag som er i ein desperat kamp om å ta att topp fire var nok ei vanskeleg oppgåve.

Bærebjælkar ute av form

Når i tillegg Fabinho, Trent, Robertson og Van Dijk som har vore bærebjelkar for superlaget er heilt ute av form, blir det ei umulig oppgåve å rette opp skuta.

Var ikkje Klopp og Liverpool budde på dette? Kom generasjonsskifte på midtbana for fort? Eg trur dei hadde ein god plan. På overgangsmarknaden er vi stort sett fornuftige. Vi kjøper berre dei spelarane som er rette for laget, og som har rett pris. Klopp hadde sett seg ut Tchouameni. Vi gjekk all in, men då Brauten valde å gå til City i staden for Real Madrid, snappa spanjolane han opp. Dette var nok ikkje etter planen. Her er mange gode midtbanespelarar, men vi gjekk ikkje for noko andre eller tredjeval. Bellingham var uansett ikkje til sal denne sommaren. Tchouameni denne sommaren og Bellingham neste sommar høyrest ikkje ut som ein dårleg plan, men slik gjekk det ikkje.

Var det salet av Manè som gjorde oss til eit dårlegare lag? Ikkje tvil om at han var ein god spelar for oss, men eg meiner han uansett drog til rett tid. Diaz er ein veldig god erstatter, og når han er finslipt blir han minst like god som Manè. Men kven kunne rekne med at Diaz skulle vere ute mest heile sesongen?

Toppnivået har vore inne

Det som har vore positivt å sjå er at toppnivået har vore inne. I einskilde kampar har Liverpool sett ut som seg sjølve. Mot Bournetmouth (9- 0), City (1- 0) , Tottenham (2- 1) og Utd (7- 0) har vi vore oss sjølve, men dessverre er det mange fleire kampar der botnivået har vore særs lågt.

Eg har trua på Klopp, og eg har trua på Liverpool. Det er ikkje mykje som skal til for å rette opp skuta att. Får Klopp kjøpe dei to- tre spelarane han vil ha, vil det sjå langt lysare ut neste sesong.

Med Gvardiol, Bellingham og Mount inn på laget, trur eg, om vi er nokonlunde skadefri, at vi vil vere eitt av verdas beste lag att.